Morning Has Broken

Morning Has Broken
Song

Eleanor Farjeon
Sjanger Kristen salme
Komponist trad
Tekstforfattar Eleanor Farjeon

«Morning Has Broken» er ein kristen salme som vart gitt ut første gongen i 1931. Han har tekst av den engelske forfattaren Eleanor Farjeon og var inspirert av landsbyen Alfriston i East Sussex, og sett til ein tradisjonell skotsk-gælisk melodi, «Bunessan».[1] Han blir ofte sungen i barnegudstenester og i gravferder.[2]

Den engelske popmusikkaren og visesongaren Cat Stevens inkluderte ein versjon på albumet sitt Teaser and the Firecat (1971). Songen vart identifisert med Stevens på grunn av populariteten til denne innspelinga. Han nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, nummer éin på den amerikanske easy listening-lista i 1972,[3] og nummer fire på det kanadiske RPM-lista.[4]

Opphav endre

Salmen dukka opphavleg opp i den andre utgåva av Songs of Praise (gitt ut i 1931), til melodien «Bunessan», komponert på dei skotske øyane. I Songs of Praise Discussed forklarer redaktøren, Percy Dearmer, at sidan det var behov for ein salme for å takka for kvar dag, vart den engelske poeten og barnebokforfattaren Eleanor Farjeon «bede om å laga eit dikt som passa til den vakre skotske melodien.» Ein liten variant av den opphavlege salmen, òg skrive av Eleanor Farjeon, finst i form av eit dikt i antologien Children's Bells, under Farjeons nye tittel, «A Morning Song (For the First Day of Spring)», gitt ut av Oxford University Press i 1957. Songen er notert i 9/4-takt, men med eit preg av 3/4-takt.

Etter å ha dukka opp i Lachlan MacBean sin Songs and Hymns of the Gaël, vart «Bunessan» brukt i Revised Church Hymnary (1927) og tillegget (1936) til Irish Church Hymnal (1919) saman med den opphavlege teksten, «Child in the Manger» av den skotske poeten Mary MacDonald (1789-1872), som budde på Isle of Mull og vart fødd der, nær landsbyen Bunessan som melodien er oppkalla etter. Melodien er òg brukt til James Quinn-salmane «Christ Be Beside Me» og «This Day God Gives Me», som begge er tilpassa den tradisjonelle irske hymnen «St. Patrick's Breastplate». Michael Saward-salmen «Baptized In Water» brukar òg melodien.

Cat Stevens-innspelinga endre

Morning Has Broken
Singel av Cat Stevens
frå albumet Teaser and the Firecat
B-side

«I Want to Live in a Wigwam»

Språk engelsk
Utgjeve 7. januar 1972[5]
Innspelt Mars 1971
Studio Morgan Studios, London
Sjanger Folkrock, softrock, gospel
Lengd 3:20
Selskap Island
Komponist trad
Tekstforfattar Eleanor Farjeon
Låtskrivar(ar)
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
«Peace Train»
(1971)
Morning Has Broken «Can't Keep It In»
(1972)


Cat Stevens si innspeling, med piano arrangert og framført av Rick Wakeman, førte til internasjonal anerkjenning av songen.

Då han skulle forma «Morning Has Broken» for innspeling, starta Stevens med salmen, som tok rundt 45 sekund å syngja i grunnforma si. Produsent Paul Samwell-Smith fortalde han at han aldri kunne leggja noko slikt på eit album, og at det måtte vera minst tre minutt, sjølv om ein akustisk demo av ein tidleg Stevens-versjon varer nesten tre minutt.[6] Før sjølve innspelinga høyrde Stevens Wakeman spela noko i opptaksboksen. Det var ei grov skisse av det som seinare skulle bli «Catherine Howard». Stevens fortalde Wakeman at han likte det og ville ha noko liknande som opningsdelen, avslutningsdelen og om mogleg òg ein midtdel. Wakeman sa til Stevens at han ikkje kunne gjera det, sidan stykket hans var tiltenkt eit soloalbum, men Stevens overtalte han til å tilpassa komposisjonen.[7][8] Singelen nådde niandeplass på UK Singles Chart og sjetteplass på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart den mest suksessfulle singelen til Stevens på sistnemnde lista (seinare slått av versjonen hans av «Another Saturday Night»).

I 2000 gav Wakeman ut ein instrumental versjon av «Morning Has Broken» på eit album med same tittel. Same året gav han eit intervju på BBC Radio 5 Live der han sa at han hadde gått med på å opptre på Cat Stevens-sporet for £10 og var «knust» over at han vart utelaten frå krediteringane, og la til at han heller aldri fekk pengane.

Då han kom tilbake til framsyninga som Yusuf Islam, betalte Stevens Wakeman og bad om unnskyldning for den opphavlege manglande betalinga, som han sa kom av forvirring og misforståing frå plateselskapet. I ein dokumentar som vart send på britisk fjernsyn, uttalte Wakeman at han følte at Stevens sin versjon av «Morning Has Broken» var eit veldig vakkert musikkstykke som hadde ført folk nærare den religiøse sanninga, som han uttrykte tilfredsheit med å ha bidrege til. Wakeman inkluderte ein versjon med pianoarrangement i 2017 på albumet hans Piano Portraits.

Stevens-arrangementet skiftar toneart fire gonger, med første, andre og fjerde vers av songen i C-dur, medan den instrumentale innleiinga, tredje vers og den instrumentale avslutninga er i D-dur.

Salsliste endre

Vekeslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia (KMR) 4
Canada RPM Top Singles[4] 4
Canada RPM Adult Contemporary[9] 11
Irland (IRMA)[10] 6
Nederland 5
Norway 4
New Zealand[11] 3
Sør-Afrika (Springbok)[12] 5
UK (OCC)[13] 9
US Billboard Hot 100[14] 6
US Billboard Adult Contemporary[15] 1
US Cash Box Top 100[16] 11

Årslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia 28
Canada 22
UK 97
US Billboard Hot 100[17] 44

Andre versjonar endre

Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom anna The New Seekers, Steven Curtis Chapman, Judy Collins, Michael Card, Floyd Cramer, Dana, Neil Diamond, Órla Fallon, Art Garfunkel, Ellen Greene, Esther Ofarim, Daliah Lavi, Joe Longthorne, Jojje Wadenius og Anni-Frid Lyngstad (2010),[18] Mormon Tabernacle Choir, Nana Mouskouri, Aaron Neville, Kenny Rogers and the First Edition, Joseph McManners, Sister Janet Mead, Mary O'Hara, Demis Roussos, Third Day, The Brilliance, Pam Tillis, Hayley Westenra, Roger Whittaker, 2nd Chapter of Acts, Libera, Richard Souther og Dana Winner. Ein versjon av Isleville Symphonette nådde nr. 24 på dei kanadiske AC-listene.[19]

Songen har vorte omsett til tysk («Schön isa der Morgen», framført av mellom anna Nana Mouskouri), fransk («Matin brisé», framført av Eva i 1972 på albumet hennar L'orage), nederlandsk («Licht Op De Lakes» framført av Rowwen Hèze[20]), svensk («Tänk att få vakna» og «Gläds åt var morgon»), norsk («Stille som snøen», framført av Bjelleklang) og andre språk.[21]

Kjelder endre

  1. «Morning Has Broken». Hymnary.org. Henta 13. april 2023. 
  2. «Avslørt: De mest populære sangene til begravelser». 16. april 2009. 
  3. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Ed. (Billboard Publications),
  4. 4,0 4,1 «RPM100 Singles» (PDF). RPM. 3. juni 1972. Henta 3. april 2023. 
  5. «Cat Stevens - Morning Has Broken». 45cat. 
  6. «Cat Stevens - Morning Has Broken (Demo)». YouTube. 16. november 2013. Arkivert frå originalen 12. november 2011. Henta 13. april 2023. 
  7. «Archived copy». Arkivert frå originalen 4. november 2009. Henta 13. april 2023. 
  8. «Rick Wakeman forteller historien om innspillingen av Morning has Broken med Cat Stevens». YouTube. Arkivert frå originalen 13. desember 2021. 
  9. «MOR Playlist» (PDF). RPM. 13. mai 1972. Henta 3. april 2023. 
  10. "The Irish Charts – Search Results – Morning Has Broken". Irish Singles Chart.
  11. Flavour of New Zealand, 15. mai 1972
  12. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 5. september 2018. 
  13. «CAT STEVENS | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. 
  14. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  15. Billboard Adult Contemporary Chart Archive, 13. mai 1972 Henta 5. april 2020.
  16. «Cash Box Top 100 6/10/72». tropicalglen.com. 
  17. «Top 100 Hits of 1972/Top 100 Songs of 1972». www.musicoutfitters.com. 
  18. «Reconnection / Georg Wadenius» (på svensk). Svensk mediedatabas. 2010. Henta 10. januar 2016. 
  19. «RPM AC Singles - 16. september 1972» (PDF). 
  20. ROWWEN HÈZE - ZOET VERDRIET. Popstukken, March 2003
  21. Secondhand songs page lists about 10 adaptations.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Morning Has Broken