Sentinel Range

(Omdirigert frå Mount Wyatt Earp)

Sentinel Range er ei stor fjellkjede som strekkjer seg nordover frå Minnesotabreen og utgjer den nordlege halvdelen av Ellsworth Mountains i Antarktis. Fjellkjeda strekkjer seg 185 km frå nord-nordvest til sør-søraust og er 24 til 48 km brei. Fleire av toppane er over 4000 meter over havet og Vinson Massif (4892 moh) sør i fjellkjeda er det høgaste punktet i Antarktis.[1]

Sentinel Range
fjellkjede
Plasseringa til Sentinel Range i Vest-Antarktis
Land  Antarktis
Grensar til Heritage Range
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 78°10′S 85°30′W / 78.167°S 85.500°W / -78.167; -85.500
Høgaste punkt Vinson Massif
 •  høgd 4 892 moh.
 - koordinatar 78°31′31.74″S 85°37′01.73″W / 78.5254833°S 85.6171472°W / -78.5254833; -85.6171472
Lengd 185 km
Areal 12 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Sentinel Range
78°10′S 85°30′W / 78.17°S 85.5°W / -78.17; -85.5
Kart som viser Sentinel Range.
Kart som viser Sentinel Range.
Kart som viser Sentinel Range.
Sentinel Range is located in Antarktis
Sentinel Range (Antarktis)
Wikimedia Commons: Sentinel Range

Fjellkjeda vart oppdaga og fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth som namngav ho etter den markande plasseringa som eit landemerke i eit elles isdekt landskap. Sentinel tyder «kjennemerke» på engelsk. Fjellkjeda vart først vitja og delvis kartlagd i januar 1958 av laget som kryssa Marie Byrd Land, leia av Charles R. Bentley. Heile fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå flyfoto teken av U.S. Navy, 1958-61.[1]


Fjell

endre
Fjell Meter
Vinson Massif 4892
Mount Tyree 4852
Mount Craddock 4368
Mount Bentley 4245
Mount Ostenso 4180
Mount Giovinetto 4090
Mount Goldthwait 3815
Mount Davis 3800
Mount Dalrymple 3600
Mount Hale 3595
Mount Atkinson 3300
Mount Alf 3200
Mount Milton 3000
Mount Dawson 2695
Mount Ulmer 2775
Mount Levack 2670
Mount Inderbitzen 2600
Mount Segers 2460
Mount Reimer 2430
Mount Schmid 2430
Mount Wyatt Earp 2370

Mount Alf

endre

Mount Alf er eit fjell med ei høgd på over 3200 moh mellom Mount Sharp og Mount Dalrymple nord i Sentinel Range. Det vart kartlagt under Marie Byrd Land Traverse, 1957-58. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Edward A. Alf, som var meteorolog på Byrd-stasjonen vinteren 1957.[2]

Mount Atkinson

endre

Mount Atkinson er eit markant fjell 6 km vest-sørvest for Mount Craddock. Det vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi av U.S. Navy, 1957-60. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Richard C. Atkinson, direktør i National Science Foundation 1977-80.[3]

Mount Bentley

endre

Mount Bentley er eit fjell (4245 moh) 2 nautiske mil nord for Mount Anderson vest i Sentinel Range. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse 1957-58, og kalla opp etter dr. Charles R. Bentley, leiaren under reissa og seismolog ved Byrd-stasjonen, 1957-59.[4]

Mount Dalrymple

endre

Mount Dalrymple er eit fjell mellom Mount Alf og Mount Goldthwait nord i Sentinel Range. Det vart kartlagt under Marie Byrd Land Traverse 1957–58 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Paul C. Dalrymple, som var meteorolog ved Little America V i 1957 og Amundsen-Scott-stasjonen i 1958. [5]

Mount Davis

endre

Mount Davis er eit fjell som ligg 1,6 km nord for Mount Bentley og 2,4 km søraust for Mount Hale. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse 1957–58, og kalla opp etter Leo E. Davis, som var geomagnetikar og seismolog ved Byrd-stasjonen i 1957.[6]

Mount Dawson

endre

Mount Dawson er eit skarpt, pyramideforma fjell som ligg 4 km nordvest for Mount Reimer. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, og kalla opp etter major Merle R. Dawson (d.1986), USA, leiaren for Army-Navy Trail Party som oppretta ei snørute her frå Little America V til Byrd-stasjonen i november–desember 1956. Han hadde sidan fleire roller i Antarktis.[7]

Mount Giovinetto

endre

Mount Giovinetto er eit fjell (4090 moh) 3,5 km nord for Mount Ostenso langs hovudryggen av Sentinel Range. Det vart oppdaga av under Marie Byrd Land Traverse, 1957-58, og kalla opp etter Mario B. Giovinetto, glasiolog ved Byrd-stasjonen i 1957.[8]

Mount Goldthwait

endre

Mount Goldthwait er eit markant fjell (3815 moh) som ligg 4,5 km sør for Mount Dalrymple. Det vart oppdaga under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, og kalla opp etter Richard P. Goldthwait, konsulent og glasiolog under planlegginga for dei amerikanske operasjonane under Det internasjonale geofysiske året og sidan direktør for Polarforskingsinstituttet ved Ohio State University.[9]

Mount Hale

endre

Mount Hale er eit fjell (3595 moh) som ligg 3 km nordvest for Mount Davis langs hovudryggen av Sentinel Range. Det vart oppdaga av under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, under C.R. Bentley, og kalla opp etter Daniel P. Hale, polarlysforskar ved Byrd-stasjonen og medlem av traversen.[10]

Mount Levack

endre

Mount Levack er eit fjell som ligg 21 km aust for Mount Ostenso sentralt i Sentinel Range. Det vart først kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter major Herbert T. Levack, som var med på å opprette Amundsen-Scott-stasjonen 1956-57.[11]

Mount Milton

endre

Mount Milton er eit fjell (3 000 moh) som ligg 17 km sør-søraust for Mount Craddock og 3 km søraust for Mount Southwick i den sørlege delen av Sentinel Range. Det vart først kartlagt av USGS frå landmålingar og U.S. Navy (USN) flyfoto, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Patrick G. Milton, flymaskinist i US Navy som var kaptein på ein flytur til desse fjella den 28. januar 1958.[12]

Mount Ostenso

endre

Mount Ostenso er eit fjell (4180 moh) 3,5 km sør for Mount Giovinetto langs hovudkammen av Sentinel Range. Det vart først kartlagt under Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58 leia av C.R. Bentley, og kalla opp etter Ned A. Ostenso, seismolog ved Byrd-stasjonen (1957).[13]

Mount Reimer

endre

Mount Reimer er eit fjell, 2430 moh, nord i Sentinel Range, på sørsida av Newcomerbreen og 8 km sørvest for Mount Warren. Det vart namngjeve av US-ACAN etter John D. Reimer som var flyfotograf på ein flytur over desse fjella 14.-15. desember 1959.[14]

Mount Schmid

endre

Mount Schmid er eit fjell på sørsida av Embreebreen, 8 km aust for Mount Goldthwait. Det vart kartlagt av USGS frå landmålingar and US Navy flyfoto, 1957-59. Det vart namngjeve av US-ACAN etter kaptein Ernest A. Schmid, som deltok i opprettinga av Amundsen-Scott-stasjonen i 1956-57.[15]

Mount Segers

endre

Mount Segers er eit fjell på ein rygg ved austsida av Crosswellbreen, 11 km aust for Mount Tyree, sentralt i Sentinel Range. Det vart oppdaga av ein flytur av US Navy i desember 1959, og kartlagt av USGS frå desse bileta. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Chester W. Segers, ein kokk i marinen og medlem av det første laget som overvintrar på Amundsen-Scott-stasjonen i løpet av det internasjonale geofysiske året i 1957.[16]

Mount Ulmer

endre

Mount Ulmer er eit markant fjell som ligg 3,5 km nord for Mount Washburn nord i Sentinel Range. Det vart oppdaga under flyturen til Lincoln Ellsworth 23. november 1935 då han kryssa kontinentet. Han kalla det «Mount Mary Louise Ulmer», etter kona si. Toppen vart identifisert på ny i 1959 av U.S. Navy.[17]

Mount Wyatt Earp

endre

Mount Wyatt Earp er eit hovudsakleg snødekt fjell, 2370 moh ligg 6 km vest-nordvest for Mount Ulmer nord i fjellkjeda. Det vart oppdaga av Lincoln Ellsworth på flyturen hans over kontinentet den 23. november 1935. Det vart namngjeve av US-ACAN etter skipet «Wyatt Earp», nytta av Ellsworth på fire ekspedisjonar til Antarktis mellom 1933 og 1939.[18]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Sentinel Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 
  2. «Mount Alf». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  3. «Mount Atkinson». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 13. januar 2013. 
  4. «Mount Bentley». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  5. «Mount Dalrymple». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  6. «Mount Davis». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  7. «Mount Dawson». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  8. «Mount Giovinetto». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  9. «Mount Goldthwait». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  10. «Mount Hale». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  11. «Mount Levack». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  12. «Mount Milton». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  13. «Mount Ostenso». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  14. «Mount Reimer». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  15. «Mount Schmid». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  16. «Mount Segers». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 
  17. «Mount Ulmer». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013. 
  18. «Mount Wyatt Earp». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sentinel Range» (innhald frå Geographic Names Information System).