Kongsspir
Kongsspir (Pedicularis sceptrum-carolinum) er ein fleirårig, halvparasittisk urt i snylterotfamilien.
Kongsspir | |
Kongsspir | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Myrkleggslekta Pedicularis |
Art: | Kongsspir P. sceptrum-carolinum |
Vitskapleg namn | |
Pedicularis sceptrum-carolinum |
Planten har ein rosett av lansettforma og fjørflikete blad ved bakken. Stilken er ganske høg, 40–80 cm, og har nesten ingen blad. Blomane er lysgule med raud kant på underleppa. Eit særmerkt bygningstrekk er at blomane er lukka, slik at berre humledronningar er i stand til å pressa seg inn for å forsyna seg med nektar. Kongsspir veks i fuktig skog og kratt, på rikmyr og strandenger, og langs breiddene av elvar og bekker.
I Noreg er kongsspir ein austleg fjellplante på Austlandet og i Trøndelag og Nordland. I Troms og Finnmark finst han derimot heilt ned til havstrendene. I Sør-Noreg dukkar han av og til opp på elvebredder i låglandet. Arten er vanleg i Nord-Sverige, Finland, Baltikum, Kviterussland og europeisk Russland. Han har òg spreidde førekomstar i Alpane, Karpatane og Sibir. I Danmark voks han éin stad i Jylland, men arten er ikkje blitt sett sidan 1949, og er rekna som utdøydd.
Artsnamnet blei gjeve av Olof Rudbeck d.y., som fann planten under reisa si i Lappland på slutten av regjeringstida til Karl XI. Boka Nora Samolad siva Lapponia illustrata kom ikkje ut før i 1701. Då var Karl XI død, og sonen hans Karl XII var blitt konge av Sverige. Rudbeck hadde tenkt å heidra Karl XI, men dediserte i staden planten til «Carl XII och de bragdstore Carlars minne».
Litteratur
endre- Denne artikkelen bygger på «Kongsspir» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Kongsspir». Norsk naturleksikon. Det beste. s. 222. ISBN 82-7010-038-2.
- «Kung Karls spira». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 12. juli 2022. Henta 6. november 2015.
- «Kongescepter». Den danske rødliste. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 6. november 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Kongsspir hos Artsdatabanken
- (en) Kongsspir i Encyclopedia of Life
- (en) Kongsspir i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kongsspir hos Dyntaxa
- (en) Kongsspir hos NCBI
- (en) Kongsspir hos Panarctic Flora
- (en) Kongsspir hos The International Plant Names Index
- (en) Kongsspir hos Tropicos
- (en) Kategori:Pedicularis sceptrum-carolinum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pedicularis sceptrum-carolinum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pedicularis sceptrum-carolinum – detaljert informasjon på Wikispecies