NATO-kallenamn
NATO-kallenamn er NATO sine kodenamn for militært utstyr frå Russland, Kina, og land frå det som vart kalla Austblokka (mellom anna Sovjetunionen). Namna vart laga for å lette sambandet mellom ulike land som ikkje hadde same språk. I tillegg var russiske namn på utstyret ukjende. Mykje av dette utstyret er framleis i bruk, og NATO-kallenamna likeså.
Den første bokstaven i namnet viser kva slags utstyr det er snakk om, til dømes fekk jagarfly og angrepsfly namn som byrja med F (etter det engelske ordet Fighter), bombefly fekk namn på B, transportfly fikk namn på C (for Cargo) og ulike andre fly som øvingsfly, tankfly, anti-ubåtfly, AWACS m.m. fekk namn på M (for Miscellaneous). Propelldrivne fly fekk namn med ei staving, medan jetdrivne fly fekk namn med to stavingar. Helikopter fekk namn på H, luft-til-luft-missil fekk namn på A (etter air-to-air), luft-til-bakke-missil fekk namn på K, bakke-til-luft-missil fekk namn på G (etter groundlaunched) og bakke-til-bakke0missil namn på S (etter surface-to-surface).
Craig Thomas skreiv i 1977 boka Firefox med det oppdikta NATO-kallenamnet Firefox for Mikojan-Gurevitsj MiG-31. Boka vart filmatisert av Clint Eastwood i 1982. Den rette MiG-31 fikk i 1979 NATO-kallenamnet Foxhound.
Pentagon har sine eigne kodar for missil: AA- (luft-til-luft), AS- (luft-til-bakke), SA- (overflate-til-luft), SS- (overflate-til-overflate), −N- (sjøplattform), −X- (eksperimentell design) og AT- (panservernmissil).
Døme på fly
endre- Lavotjkin La-7 Fin, propelldrivne jagarfly/angrepsfly.
- Jakovlev Jak-28P Firebar, jetdrivne jagarfly.
- Tupolev Tu-95 Bear, propelldrivne bombefly.
- Jakovlev Jak-28 Brewer, jetdrivne bombefly.
- Antonov An-22 Cock, propelldrivne transportfly.
- Tupolev Tu-134 Crusty, jetdrivne passasjerfly.
- Beriev Be-12 Mail, propelldrivne flybåtar.
- Jakovlev Jak-28U Maestro, jetdrivne treningsfly.
- Kamov Ka-50 Hokum, helikopter.
Døme på missil
endre- AA-9 Amos, Vympel R-33. Luft-til-luft missil nytta av MiG-31.
- AS-15 Kent, Raduga Kh-55. Kryssermissil nytta av bombefly.
- SA-2 Guideline, S-75 Dvina. Luftvernmissil
- SA-N-11 Grison, 9M311K. Luftvernmissil nytta av krigsskip.
- SS-18 Satan, R-36M. Interkontinental ballistisk missil.
- SS-N-2 Styx, P-15 Termit. Sjømålsmissil.
- AT-1 Snapper, 3M6 Sjmel. Panservernmissil.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «NATO-kallenavn» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2017.