NCUBE er namnet på to norske satellittar bygde av studentar ved høgskular og universitet i Noreg. NCUBE2 vart sendt opp i bane 27. oktober 2005 frå Plesetsk i Russland. NCUBE1 skal etter planen skytast opp i januar 2006. Oppskytinga av begge satellittane har vore utsett fleire gonger.

Den norske satellitten NCUBE2.
Foto: Bjørn Pedersen, NTNU

Oppgåva til satellittane er å teste ut eit sporingssystem for skip, kalla AIS (automatic identification system). Det er eit GPS-basert automatisk identifikasjonssystem brukt av store fartøy. Systemet vert også testa ved hjelp av reinsdyr som har fått festa slike sendarar på seg.

NCUBE2 skal gå i polarbane 680 kilometer over bakken.

Norske studentar frå ulike høgskular og universitet har samarbeidd om å lage radiosystem, bakkestasjonar, datamaskin og styringssystem.

NCUBE2 «haika» med den større europeiske satellitten SSETI Express frå ESA, slik at kostnadane for prosjektet vart høvelege små. Begge satellittane ser ut som ein terning med sidekantar på 10 centimeter, og veg omtrent ein kilo.

På biletet kan ein sjå NCUBE før satellitten vart pakka ned og sendt til Estec i Nederland der satellitten vart montert inn i morfartøyet SSETI-Express før oppskyting.

Panelet utan solceller vert kalla nadir-panelet, det som vender mot jorda. Oppe i midten på panelet ser ein holet der gravitasjons-bommen skal komme ut. Dette er eit metallband med eit 40-grams lodd i enden som skal rullast ut på signal frå bakken når satellitten er i bane. Det vil få satellitten til å vende nadir-panelet mot jorda på grunn av tyngdekrafta. Utløysinga av bommen skal skje etter at satellitten er rotert til rett posisjon i jorda sitt magnetfelt ved hjelp av tre magnetspolar.

Dei to firkantane nedst er luker for antennene til UHF-sendar og VHF-mottakar. Lukene opnar seg når satellitten er i bane.

Prosjektstatus endre

Ein oppnådde aldri kontakt med NCUBE-2 fordi satellitten truleg ikkje vart løyst frå modersatellitten i tide. Det gjekk også gale med NCUBE-1 (Rudolf) som trefte bakken i Kasakhstan 26. juli 2006bereraketten som skulle få satellitten og 17 andre små-satellittar i bane svikta rett etter oppskyting.[1]

Til tross for at begge NCUBE-satellittane svikta, vi Norsk Romsenter satse vidare på meir studentarbeid og fleire satellittar. [2]

Kjelder og meir informasjon endre

Kjelder endre