Enezenaide do Rosario da Vera Cruz Gomes (fødd 10. november 1979), kjend som Naide Gomes, er ein tidlegare friidrettsutøvar frå São Tomé og Príncipe som frå 2001 representerte Portugal. Ho vann EM-sølv i lengdehopp i 2006 og 2010. I hallmeisterskap sikra ho seg to EM-gull og eitt VM-gull i lengdehopp og eitt EM-gull i femkamp.

Naide Gomes


Statsborgarskap Portugal, São Tomé og Príncipe
Fødd 20. november 1979 (44 år)
São Tomé
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

offiser av Infante Dom Henriks orden

Aktiv endre

Gomes deltok for São Tomé og Príncipe ved OL 2000, rauk då ut i forsøket på 100 meter hekk.

Frå 2001 var Gomes portugisisk statsborgar. Våren 2002 vart ho nummer to i femkampen ved hall-EM, på plassen bak russiske Jelena Prokhorova og plassen føre svenske Carolina Klüft. I 2004 gjekk Gomes til topps i femkampen i hall-EM med 4 794 poeng og personbeste. Året etter sigra ho i lengdetevlinga ved hall-EM 2005 med 6,70 meter.

Ved europameisterskapen vann Gomes sølv med 6,84, 9 cm kortare enn russiske Ljudmila Koltsjanova. I hall-EM 2007 i Birmingham toppa Gomes tevlinga med eit hopp på 6,89 m. 21. juli 2007 hoppa ho i Madrid for fyrste gong 7 meter, målt til 7,01 m. Ved verdsmeisterskapen 2007 i Osaka låg Gomes etter fem omgangar på andreplass med bak Tatjana Lebedeva. I siste omgang hoppa Ljudmila Koltsjanova og Tatjana Kotova lenger enn Gomes og ho vart nummer 4.

Ved hall-VM 2008 i Valencia vann Gomes med eit bestehopp på 7,00 m. Under eit stemne i Stockholm 22. juli 2008 forbetra ho landsrekorden sin til 7,04 m, ein rekord ho sju dagar seinare flytta til 7,12 meter i Monaco. I OL 2008 lukkast ho derimot ikkje kvalifisere seg til finalen. I Berlin-VM 2009 enda ho med 6,77 m på fjerdeplass, tre centimeter unna bronsemedaljøren.

Under europameisterskapen 2010 i Barcelona hoppa både Gomes og latviske Ineta Radēviča 6,92 m og lengst i tevlinga. Radēviča vann gullmedaljen då ho hadde eit mykje lengre nestbestehopp enn Gomes.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre