Kvitstrupestormsvale
Kvitstrupestormsvale, Nesofregetta fuliginosa, er ein sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Han har ei utbreiing avgrensa til delar av Stillehavet.
Kvitstrupestormsvale | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Kvitstrupestormsvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Nesofregetta |
Art: | Kvitstrupestormsvale N. fuliginosa |
Vitskapleg namn | |
Nesofregetta fuliginosa |
Skildring
endreDette er den største medlemmen i stormsvalefamilien, han måler ca. 24 til 26 centimeter og har ei gjennomsnittleg kroppsmasse på 70 gram. Fjørdrakta varierer frå ein heilt sotbrun morf til ein lys morf med smalt kvitt band på overgumpen, kvit underside og kvit strupe med mørkt band over halsen. Vengdekkarane på undervengene er kvite. Ei mellomform har svarte flekker på undersida. Halen er lett gaffelforma og beina stikk ut bak halen under flyging. Den lyse morfen har flest individ.
Kvitstrupestormsvaler hekkar på øyar i Stillehavet først og fremst på øyar i Kiribati og Fransk Polynesia og på Isla Sala y Gómez, lengst aust i Polynesia. Meir usikkert på Ny-Caledonia, Vanuatu, Samoa og Fiji. Storleiken på populasjonen er minkande og usikkert estimert til 1000 til 1600 kjønnsmodne individ. IUCN endra statusen frå sårbar til trua i 2010.
Trugsmåla mot arten er innførte artar som villkattar og rotter.
Kjelder
endre- BirdLife International (2012) Species factsheet: Nesofregetta fuliginosa Arkivert 2012-10-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mai 2012.
- Dewey, T. 2009. Nesofregetta fuliginosa, Animal Diversity Web. Henta 19. mai 2012 frå http://animaldiversity.ummz.umich.edu/site/accounts/information/Nesofregetta_fuliginosa.html
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av kvitstrupestormsvale hos Internet Bird Collection