Ngaio Marsh
Dame Ngaio Marsh DBE (23. april 1895–18. februar 1982), fødd Edith Ngaio Marsh, var ein newzealandsk kriminalforfattar og sceneinstruktør. Fødselsdagen hennar er noko uviss, etter som far hennar ikkje brydde seg med å registrera fødselen før i 1900, men ho vart fødd i Christchurch.[1] Ho vart utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire i 1966. Ngaio Marsh døydde i Christchurch i 1982.
Ngaio Marsh | |
Nasjonalitet | Newzealandsk |
Statsborgarskap | New Zealand |
Fødd | 23. april 1895 Christchurch |
Død |
18. februar 1982 (86 år) |
Yrke | Forfattar og sceneinstruktør |
Språk | newzealandsk engelsk |
Sjanger | Kriminallitteratur |
Ngaio Marsh på Commons |
Tidleg liv
endreNgaio Marsh vart utdanna ved St Margaret's College i Christchurch, der ho fekk stipend. Ho studerte kunstmåling ved Canterbury College School of Art før ho vart skodespelar ved Allan Wilkie-kompaniet som turnerte på New Zealand. Frå 1928 og framover skifta ho på å bu i Storbritannia og i heimlandet, New Zealand.[2]
Karriere
endreInternasjonalt er Marsh best kjend for dei 32 kriminalromanane som vart utgjevne mellom 1934 og 1982. Saman med Dorothy L. Sayers, Margery Allingham og Agatha Christie, har ho vorte klassifisert som ei av dei fire originale «Krimdronningane» — kvinnelege forfattarar som dominerte kriminallitteraturen i «gullalderen» gjennom 1920- og 1930-åra.
Alle romanane hennar handlar om den britiske kriminaletterforskaren Roderick Alleyn. Fleire av romanane kjem òg inn på Marsh sine andre store interesser, teater og kunstmåling. Fleire er lagde til teateroppsetjingar (Enter a Murderer, Vintage Murder, Overture to Death, Opening Night, Death at the Dolphin og Light Thickens), og to andre handlar om skodespelarar utanfor scenen (Final Curtain og False Scent). Novella hennar, I Can Find My Way Out, føregår også under ei teateroppsetjing. Alleyn gifter seg med ein kunstmålar, Agatha Troy, som han møter under ei etterforsking (Artists in Crime), og ho opptrer i fleire seinare romanar.
Dei fleste av romanane til Marsh utspelar seg i England, men fire er lagde til New Zealand, der Alleyn anten er utplassert i det newzealandske politiet (Vintage Murder, Colour Scheme og Died in the Wool), eller på ferie (Photo Finish); Surfeit of Lampreys byrjar i New Zealand, men held fram i London.
Teater
endreMarsh si store interesse var teateret. I 1942 sette ho opp ei modernisert utgåve av Hamlet for Canterbury University College Drama Society (no UCDS), det første av mange Shakespeareoppsetjingar for dette teaterkompaniet fram til 1969. I 1944 turnerte Hamlet og ei oppsetjing av Othello eit teaterhungrig New Zealand til stor begeistring. I 1949 turnerte studentane hennar Australia, assistert av gründerern Dan O'Connor, med ein ny versjon av Othello og Pirandellos Seks personar søkjer ein forfattar. I 1950-åra var ho involvert i gruppa New Zealand Players, eit relativt kortliva nasjonalt profesjonelt teaterturne-kompani.
Ngaio Marsh levde lenge nok til å oppleva at New Zealand bygde opp levedyktige profesjonelle teaterverksemder med offentleg og privat stønad, og med fleire av hennar protesjéar i leiinga. Det 430-setars Ngaio Marsh Theatre ved University of Canterbury har fått namnet til ære for henne.[3] Heimen hennar i Cashmere Hills er teken vare på som museum[4].
Personleg liv
endreMarsh gifta seg aldri og hadde ingen born. I 1965 gav ho ut ein sjølvbiografi, Black Beech and Honeydew. Den britiske forfattaren og utgjevaren gav ut ein autorisert biografi, Ngaio Marsh, A Life i 1991. Den newzealandske kunstkritikaren Joanne Drayton sin biografi, Ngaio Marsh: Her Life in Crime vart publisert i 2008.
Utmerkingar
endreI 2010 skipa Dame Ngaio Marsh Trust utmerkinga Best Crime Novel Award, som skal delast ut årleg. Det første året var dei tre finalistane Neil Cross, Captured, Vanda Symon, Containment, og Alix Bosco (pseudonym), Cut and Run. Alix Bosco vann denne første prisen.[5]
Bibliografi
endreKriminalromanar
endre- A Man Lay Dead (1934)
- Enter a Murderer (1935)
- The Nursing Home Murder (1935)
- Death in Ecstasy (1936)
- Vintage Murder (1937)
- Artists in Crime (1938)
- Death in a White Tie (1938)
- Overture to Death (1939)
- Death at the Bar (1940)
- Surfeit of Lampreys (1941), publisert i USA som Death of a Peer
- Death and the Dancing Footman (1942)
- Colour Scheme (1943)
- Died in the Wool (1945)
- Final Curtain (1947)
- Swing Brother Swing (1949), publisert i USA som A Wreath for Rivera
- Opening Night (1951), publisert i USA som Night at the Vulcan
- Spinsters in Jeopardy (1954), utgjeven på nytt i USA som The Bride of Death (1955) [6]
- Scales of Justice (1955)
- Off With His Head (1957), publisert i USA som Death of a Fool
- Singing in the Shrouds (1959)
- False Scent (1960)
- Hand in Glove (1962)
- Dead Water (1964)
- Death at the Dolphin (1967), publisert i USA som Killer Dolphin
- Clutch of Constables (1968)
- When in Rome (1970)
- Tied Up in Tinsel (1972)
- Black As He's Painted (1974)
- Last Ditch (1977)
- Grave Mistake (1978)
- Photo Finish (1980)
- Light Thickens (1982)
Noveller
endreSamla i boka Death on the Air and Other Stories, først utgjeven i Storbritannia i 1995.
Forteljingar om Roderick Alleyn
endre- "Death on the Air"' (1936)
- '"I Can Find My Way Out" (1946 - USA)
- "Chapter and Verse: The Little Copplestone Mystery" (1974 - USA)
Andre forteljingar
endre- "The Hand in the Sand" (1953 - USA)
- "The Cupid Mirror" (1972)
- "A Fool about Money" (1973 - USA)
- "Morepork" (1979 - USA)
- "Moonshine" (1936 - NZ)
- "Evil Liver" (skript av ein episode i serien Crown Court ved Granada Television Ltd; innspela i England i 1975)
- "My Poor Boy" (1959)
Nonfiksjon
endre- Black Beech and Honeydew (1965, sjølvbiografi)
- New Zealand (1968)
- Singing Land (1974)
Tilpassingar
endreFire av Marsh sine romanar vart viste på newzealandsk fjernsyn i 1977. Ni vart omskrivne for fjernsyn som The Inspector Alleyn Mysteries og viste på BBC mellom 1990 og 1994.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ngaio Marsh» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
- Referansar
- ↑ «Ngaio Marsh (New Zealand author)». Britannica Online Encyclopedia. Henta 21. januar 2012.
- ↑ Biografi i Te Ara Encyclopedia of New Zealand
- ↑ UCSA Ngaio Marsh Theatre
- ↑ The Ngaio Marsh Trust, arkivert frå originalen 29. april 2015, henta 23. januar 2012
- ↑ «Inaugural Marsh award winner». Christchurch: Beattie's Book Blog. 1. desember 2010. Henta 23. januar 2012.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 8. februar 2012, henta 23. januar 2012
- Anna lesing
- Harding, Bruce (2007). «Ngaio Marsh, 1895–1982». Kōtare : New Zealand Notes & Queries. New Zealand Electronic Text Center. Henta 23. januar 2012.