Niels Arntzen Sem

norsk embetsmann og politikar

Niels Arntzen Sem (10. februar 178219. desember 1859) var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant, stortingspresident i 1830 og 1845.

Niels Arntzen Sem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1782
Ringebu kommune
Død

19. desember 1859 (77 år)
Kristiansand kommune

Yrke jurist, politikar
Språk norsk

Sem var fødd i Ringebu i Oppland, der faren var prest. Han vart student i 1801 og tok latinsk juridisk eksamen i 1806. Same året vart han utnemnd til stiftsoverrettsprokurator i Kristiansand stift. I 1809 vart han regimentskvartermeister, i 1811 overauditør og i 1812 prokurator ved alle over- og underrettar i Noreg og Danmark, med unnatak for høgsterett, landsover-, hov- og stadsretten. I 1815 vart han den fyrste advokaten i Noregs Høgsterett.

År 1823 vart Sem utnemnd til sorenskrivar i Jæren og Dalane. Fem år seinare, 1828, vart han amtmann i Buskerud amt. Etter tre år der vart han i 1831 stiftamtmann i Akershus stift, og i 1837 stiftamtmann i Kristiansand stift og amtmann i Lister og Mandal amt. Frå 1846 til 1857 var han stiftamtmann i Kristiania.

Sem var innvald på Stortinget 1824, 1827 for Stavanger amt, for Buskerud amt i 1830, og for Kristiansandby i 1842 og 1845. Han var stortingspresident både i 1830 og i 1845. Dessutan var han lagtingspresident i 1824, 1830 og 1845. Ei samtidig skildring talar om «hans alsidige Dannelse, hans lyse Hoved og hans udmærkede Veltalenhed», og hans «totale Mangel paa Arbeidslyst».[1]

Sem var formann i den kongelege kommisjonen som i 1833 innleia statens arbeid med saka som i 1837 munna ut i formannskapslovene.

Kjelder endre

  1. Ellevte ordentlige Storthing: en Samling af Karakterskildringer. Christiania, 1845, s. 40–41.