Nights in White Satin
Nights in White Satin av The Moody Blues frå albumet Days of Future Passed | ||
B-side |
"Cities" | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10 november 1967 | |
Innspelt | 8 oktober 1967 | |
Sjanger | Symfonisk rock, barokk pop, progressiv rock[1] | |
Lengd | 7:38 (album) 3:06 (singel #1) 4:26 (singel #2) | |
Selskap | Deram Records | |
Komponist | Justin Hayward | |
Tekstforfattar | Justin Hayward | |
Låtskrivar(ar) | Justin Hayward | |
Produsent | Tony Clarke | |
The Moody Blues-kronologi | ||
«Love and Beauty» (1967) |
Nights in White Satin | «Tuesday Afternoon» (1968)
|
«Nights in White Satin» er ein song frå 1967 av The Moody Blues, skriven av Justin Hayward og først gjeven ut på albumet Days of Future Passed.
Han er skriven i e-moll,[2] og nyttar neapolitansk akkord.[3]
Singelutgåva
endreDå han vart først gjeven ut på singel i 1967, nådde songen 19. plass på singellista i Storbritannia, ei plassering som nok kunne blitt høgare om det ikkje hadde vore for at han var over sju minuttar lang. Då songen vart gjeven ut på ny i 1972, etter suksessen til lange og dramatiske songar som «Hey Jude» og «Layla», nådde han andreplassen på Billboard-lista i USA og førsteplassen på Cash Box. Singelen selde til gullplate i USA for ein million selde eksemplar og gjekk òg til topps i Canada. Han vart samstundes gjeven ut på spansk som «Noches de Seda». Etter suksessen i USA gjekk songen inn på lista att i Storbritannia i 1972 og klatra til niandeplass. Singelen gjekk inn på lista att igjen i 1979, og nådde då 14. plass.
Det finst to singelversjonar av songen, begge utan orkester og «Late Lament»-delen frå albumversjonen. Den første forkorta versjonen varer 3:06, der det er tydeleg kvar songen er kutta. Den andre versjonen er 4:26.
Nesten alle singelversjonane vart gjevne ut med b-sida «Cities».
Bandmedlem Justin Hayward skreiv songen 19 år gammal i Swindon, og gav songen dette namnet etter å ha fått sengetøy i sateng (satin) av ein ven. Sjølve songen omhandlar lengsel etter ein kjærleik som er langt borte. London Festival Orchestra spelte orkesterdelen på songen, medan Mike Pinder spelar mellotron i sjølve songen.
Medverkande
endre- Justin Hayward: solovokal, akustisk gitar
- John Lodge: korvokal, bassgitar
- Mike Pinder: korvokal, mellotron, forteljing (på «Late Lament»), gong
- Ray Thomas: korvokal, fløyte, perkusjon
- Graeme Edge: korvokal, trommer, perkusjon
- Peter Knight og London Festival Orchestra: orkesterarrangement
Lister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1967 | UK Singles Charts | 19 |
1972 | US Billboard Hot 100 | 2 |
1972 | UK Singles Charts | 9 |
1972 | Canada | 1 |
1972 | US Cash Box Top 100 | 1 |
1979 | UK Singles Charts | 14 |
2010 | UK Singles Charts | 51 |
Andre utgjevingar
endreSongen er nytta i mange filmar, som Split Second i 1992, Robert De Niro-filmen A Bronx Tale i 1993, Martin Scorsese-filmen Casino i 1995, Adam Sandler-filmen Click i 2005, Rob Zombie-filmen Halloween II i 2009, Bertrand Bonello-filmen House of Tolerance i 2011.
Andre utgåver
endreAndre artistar som har spelt inn songen er mellom andre den tyske songaren Sandra, som nådde 86. plass i Tyskland.
- Franck Pourcel (Instrumental) 1967
- Beavers (サテンの夜 på Viva! Beavers! album, 1968)
- I Nomadi «Ho difeso il mio amore» (Nights in White Satin) på I Nomadi (album, 1968)
- Patricia «Mes rêves de satin», fransk versjon(1968)
- Dalida Un Po D'amore (1968)
- Marie Rottrová (Flamingo) - «Slunce vstává», tsjekkisk versjon (1969)
- Billie Davis (Decca F12977, singel 1969)
- Claude Denjean (Instrumental) 1970, på albumet Moog!
- Eric Burdon and War (The Black-Man's Burdon album, 1970)
- Johnny Maestro & The Brooklyn Bridge, The Brooklyn Bridge (album, 1970)
- Samael Lilith (singel, 1970, Australia)
- Deodato (Deodato 2 album, 1973)
- Juliane Werding «Wildes Wasser», tysk versjon (singel, 1973)
- Giorgio Moroder (Knights in White Satin album, 1976)
- Bermuda Triangel Band (Bermuda Triangel album, 1977)
- The Dickies (Dawn of the Dickies album, 1979)
- Carlos Futura Sound Fantasy album 1979
- Marie Laforêt «Blanche nuit de satin», fransk versjon(single, 1982)
- Elkie Brooks (Pearls II album og singel, 1982. Singelen nådde 32. plass i Storbritannia)
- Jon St. James (Trans-Atlantic, 1984)
- The Shadows (Moonlight Shadows album, 1986) (Instrumental)
- Jacky Cheung (昨夜夢魂中 (In My Dream Last Night) på hans 昨夜夢魂中 album, 1988)
- James Last (Instrumental) 1991
- Alain Bashung (Osez Josephine album, 1991)
- David Lanz (Skyline Firedance album, 1992)
- Sandra (Fading Shades album, 1995)
- Nancy Sinatra (One More Time album, 1995)
- Lucie Bílá «Noc je jak satén» - tsjekkisk versjon (1998)
- Sort Sol (Snakecharmer album, 2001)
- Mario Frangoulis (Nights in White Satin - Notte Di Luce på hans Sometimes I Dream album, 2002)
- The Vision Bleak (Nights in White Satin - på Songs of Good Taste Demo, 2002)
- God is an Astronaut («NIWS», The End Of The Beginning album, 2002)
- Tori Amos har spelt songen fleire gonger på konsertar i 2003 og 2005.
- John Cowan and Moody Bluegrass, (Moody Bluegrass album, 2004)
- Declan Galbraith (Thank You album, 2006)
- Il Divo (Notte Di Luce på Siempre album, 2006)
- Glenn Hughes med John Frusciante og Chad Smith (Music For The Divine album, 2006) (nytta i filmen Stealth)
- Quidam (HalfPlugged album, 2007)
- RUA på 'WHISPER' i 2007
- Tina Arena på albumet Songs of Love & Loss II, 2008
- Midnight Movies (Nights EP, 2008)
- Fariborz Lachini ein solopianoversjon på hans Golden Memories 1 album, 2008
- Diane di Stasio (Vox Eterna album, 2009)
- Collide (These Eyes Before album, 2009)
- Cemetery Of Scream (Frozen Images album, 2009)
- Powers of The Monk (Killing Time album, 2009)
- Eugene McCarthy (De Barras, Sitting Room Sessions 2010)
- Zeds Dead (Dubstep Remix 2010)
- Will Martin (Inspirations album, 2010)
- The Man-Eating Tree (Vine album, 2010)
- Bettye LaVette (Interpretations: The British Rock Songbook album, 2010)
- Gerry & The Pacemakers - Nights in White Satin
- Offer Nissim med Ivri Lider - Nights in White Satin (Offer Nissim Remix)
- Jennifer Rush
- Damien Saez (mange konsertversjonar)
- Celtic Thunder (av Paul Byrom)
- Blumfeld (B-Side til singelen Tics og konsertutgåver)
- Rock Goddess (Konsert)
- Ed Kavalee på Get This
- Matt Cardle (B-Side til When We Collide)
- Donald Braswell II på albumet Unchained
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nights in White Satin» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.pandora.com/music/song/moody+blues/nights+in+white+satin
- ↑ Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock: A Stylistic Analysis, p.39. ISBN 9780300092394.
- ↑ Stephenson (2002), s.89.