Nils-Per Skarseth

Nils-Per Skarseth (fødd 1. april 1945) er ein norsk, tidlegare skihoppar frå Oslo. Han vart noregsmeister i stor bakke i Balbergbakken ved Lillehammer i 1973. Skarseth var då medlem av Løren Idrettslag.

Nils-Per Skarseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1945 (79 år)
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1972

Skarseth slo gjennom i 1971 då han vann sølvmedaljen i storbakken, eit godt stykke bak noregsmeisteren Bjørn Wirkola. Året etter deltok han under vinter-OL i Sapporo, der han vart nummer 33 i normalbakken. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1972/73, med 34. plass i Innsbruck 3. januar 1973 som beste enkeltresultat. Samanlagt vart han nummer 51. Seinare i 1973-sesongen vart han samanlagt nummer 11 og beste nordmann i den sveitsiske hoppveka. Med 841,0 poeng kom han 0,1 poeng føre Odd Grette. I februar vart Skarseth ein suveren noregsmeister i storbakken. Grunnlaget for NM-tittelen la han i fyrste omgang. Han hoppa då 119 meter, bakkerekord med 8,5 m og 10 m lengre enn nestemann. Også i andre omgang, med redusert fart, hoppa han lengst med sine 105 m. Lars Grini og Frithjof Prydz vann dei andre medaljane, over 20 poeng bak.

Skarseth fall og skada seg stygt under trening til den tysk-austerrikske hoppveka i Schattenbergbakken i Oberstdorf 29. desember 1973.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1970: Nr 11 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1971: Nr 7 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1972: Nr 33 i normalbakken under vinter-OL

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff endre