Niels Norman

(Omdirigert frå Nils Normann)

Niels Norman (også skrive Nils Normann; 27. desember 17703. april 1836) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Trondheim.

Niels Norman

Fødd27. desember 1770
Trondheim
Død3. april 1836 (65 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
VervSokneprest i Leikanger 1816-1822
FøregangarAnders Daae
EtterfylgjarPeter Johan Norman
Alle verv

Norman var son til ein handelsmann i Trondheim. Sjølv studerte han teologi i København og vart cand.theol. i 1796. Frå 1797 til 1803 var han lærar ved den høgre skulen i fødebyen, deretter var han sokneprest i Tranøy i 15 år. Sidan var han sokneprest i Leikanger i Sogn, før ferda gjekk vidare til Asker prestegjeld i 1822.

Norman kom til Leikanger i 1816. Der fekk han i gang skulestellet og oppretta eit folkebibliotek. Frå 1819 fekk han på plass grendemennene, eit nettverk med moralens tilsynsmenn - ein i kvar grend. Deretter oppretta han ein arbeidsanstalt der fattige fekk ull til å arbeide med, for slik å innskrenke tigginga. Biskop Claus Pavels tok fram dei store lovorda då han vitja Leikanger i 1819. Han skreiv at han fann dei moralske tilhøva i prestegjeldet uavlastelege. Regjeringa innstilte Norman som Pavels sin etterfylgjar i bispestolen, men kongen utnemnde Jacob Neumann til ny biskop. Norman vart i staden utnemnd til den nye biskopen sin etterfylgjar som sokneprest i Asker.

Norman var 2. representant for Finmarkens amtStortinget 1815-16. På tinget var han medlem av ei 15-16 komitear. Mellom anna var han med i kyrkjekomiteen, og i komiteane som drøfta sal av embetsgardar, om kongetiend i Østerdalen, og allmugen sin rett til å kjøpe soknekyrkjer.

I 1824 var Norman fyrste varamann til Stortinget frå Akershus amt. Han døydde som sokneprest i Asker.

Kjelder endre