Nora Sveaass
Nora Sveaass (fødd 11. desember 1949) er ein norsk psykolog og professor emeritus ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på flyktningar, menneskerettsbrot og psykologiske konsekvensar av tortur og vald i tillegg til behandling og rehabilitering av offer for tortur og vald, inkludert kvinner utsette for seksuell vald i krig og konflikt.[1]
Nora Sveaass | |||
| |||
Fødd | 11. desember 1949 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | psykologi | ||
Yrke | psykolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Dei sameinte nasjonane | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Bakgrunn
endreSveaass vaks opp i Brasil.[2] Ho blei utdanna cand.psychol. ved Universitetet i Oslo i 1975 og blei dr.psychol. i 2001. Ho er spesialist i klinisk psykologi.
Karriere
endreSveaass arbeidde som sjefpsykolog ved Psykososialt team for flyktningar i Helsedirektoratet frå etableringa i 1986; eininga blei frå 1990 vidareført som Psykososialt senter for flyktningar ved Instituttgruppe for psykiatri ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo, og blei innlemma i det UiO-eigde instituttet Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i 2004, der Sveaass blei forskingsleiar for flyktninghelse og tvungen migrasjon. Ho blei utnemnd til førsteamanuensis ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo i 2008 og blei senere professor i psykologi.
Nora Sveaass var medlem av SNs torturkomité (UNCAT) i to periodar frå 2005 til 2013, etter å ha blitt nominert av regjeringene i dei nordiske landa.[3][4] Ho er medlem av SNs subkomité for forebygging av tortur frå 2014, og er den einaste som har vore medlem av begge komiteene. Ho er ein av to nestleiarar i komiteen.[5]
Sveaass leiar prosjektet Mental Health and Human Rights Info,[6] som formidlar kunnskap, retningsliner og erfaringar til folk som gjennom arbeidet sitt møter menneske utsette for grove menneskerettsbrot i samband med krig, konflikt og katastrofar. Ho er medlem i rådet i Den norske Helsingforskomité.[7]
Prisar og utmerkingar
endreSveaass mottok Bjørn Kristiansens minnepris frå Norsk Psykologforening i 1996 og Amnesty Internationals menneskerettspris for 2009.[8][9][10] I 2018 fekk ho menneskerettsprisen til UiO[11] og Akademikerprisen.[12][13] I 2019 blei Sveaass utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for menneskerettane.[14]
Kjelder
endre- ↑ Nora Sveaass, Universitetet i Oslo
- ↑ 70 års omtale i Aftenposten 11. desember 2019
- ↑ Nora Sveaass gjenvalgt til FNs torturkomité, regjeringen.no
- ↑ Simen Gonsholt, «Torturoperatøren», Dagbladet Magasinet,19.12.2009, s. 8
- ↑ Members of the UN Subcommittee on Prevention of Torture - Office of the Un High Commissioner for Human Rights
- ↑ «About», MHHRI, henta 21. mars 2024
- ↑ «Board and council», Norwegian Helsinki Committee (på engelsk), henta 21. mars 2024
- ↑ Psykologforeningen Arkivert 14. februar 2015 på Wayback Machine.
- ↑ Nora Sveaass wins Norwegian Amnesty's award for 2009 Arkivert 22. desember 2015 på Wayback Machine. - Human Rights House Foundation 4. desember 2009
- ↑ Etterlengtet hyllest av Nora Sveaass - Amnesty International Norge 9. desember 2009
- ↑ UiOs mnneskerettighetspris til Nora Sveaass - Uniforum/UiO 20. sept. 2018
- ↑ Nora Sveaass er tildelt Akademikerprisen - Uniforum/UiO 24. oktober 2018
- ↑ Akademikerprisen til menneskerettighets-psykolog akademikerne.no 24. oktober 2018
- ↑ «Utnevnelse til St. Olavs Orden». www.kongehuset.no (på norsk). 12. september 2019. Henta 15. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Nora Sveaass» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2024.