Mjømna

(Omdirigert frå Mjømna sokn)

Mjømna er ei øy i Gulen kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Øya har eit areal på 10,2 km² og om lag 60 innbyggjarar.

Mjømna
Geografi
Stad Sogn
Koordinatar 60°54′50″N 04°56′07″E / 60.91389°N 4.93528°E / 60.91389; 4.93528

Areal 10,2 km²

Høgaste punkt Mjømnefjellet (194 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke
Kommune
Vestland
Gulen

Demografi
Folketal 60 (2001)
Folketettleik 5,9 /km²
Mjømna
Foto: Bjarne Thune
Mjømna kyrkje
Foto: Bjarne Thune
Mjømna
Foto: Bjarne Thune

Mjømna ligg mellom Byrknesøy i vest og Sandøy i aust. Fensfjorden ligg på sørsida. På nordsida av Mjømna ligg ei rekkje mindre øyar og holmar mellom øya og Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden.

Namnet Mjømna kjem frå norrønt mjǫðm som tyder 'hofte'.[1]

Næringsliv endre

Fiskeoppdrett vart starta opp på 1980-talet. Mjømna Fiskeoppdrett AS var frå 1985 til 1989 ei verksemd på Mjømna. Kvernvågvatnet Klekkeri var frå 1985 til 1988 ei verksemd på Mjømna.

Mjømna sokn endre

Mjømna kyrkjesokn femner den ytre delen av Gulen kommune. Soknekyrkje er Mjømna kyrkje som stod ferdigbygd i 1901. Mjømna sokn vart skild ut frå Gulen sokn ved kongeleg resolusjon 23. juni 1900.[2] Tidlegare hadde folket ytst i Gulen sokna til kyrkja i Eivindvik og det hadde for vore ei lang og ofte farleg kyrkjeferd dit for dei frå ytste øyene. I tillegg til kyrkja vest på Mjømna høyrer òg Byrknesøy kapellByrknes til soknet.

Mjømna delområde endre

Mjømna er òg namnet på eit delområde i Gulen kommune. Det femner dei vestre øyene og fastlandet vestom Eidsfjorden. Ved folketeljinga i 2001 budde det 901 personar i delområdet, fordeld på 195 i Eidsbotn grunnkrins, 125 i Fivelsdal grunnkrins, 25 i Brandanger grunnkrins, 43 i Hisarøy grunnkrins, 41 i Hille grunnkrins, 128 i Mjømna grunnkrins og 344 i Byrknes grunnkrins.[3]

Samferdsel endre

Fylkesveg 4 går over Mjømna. Mjømna har brusamband til Sandøya via Mjåsundbrua og til Byrknesøya via Mjømnesundbrua og Nappsundbrua.

I november 2010 vart fastlandssambandet til Ytre-Gulen fullført med opninga av Brandangersundet bru frå Fivelsdal på fastlandet til Sandøya. Sandøya, Mjømna og Byrknesøya vert såleis landfast og ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg-Skipavik vil berre trafikkere strekninga Leirvåg-Sløvåg.

Ekspressbåtane til Fjord1 har daglege anløp på Mjømna på sine ruter mellom Bergen og Sogn/Nordfjord.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for øya Mjømna:

1801[4] 1900[5] 2001
46 103 ca. 60

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mjømna