Elektriske lokomotivtypar i Noreg
Elektriske lokomotivtypar i Noreg. Per dags dato blir El. 18 brukt av NSB for å trekke passasjertog, medan El. 17 blir brukt på Flåmsbana, samt av NSB som skiftelokomotiv i Lodalen. Godstogselskapet CargoNet disponerer både El. 14 og El. 16, medan selskapet Ofotbanen AS har ei handfull El. 13 i drift. El. 15 går òg i godstog i Noreg til tider, som Hector Rail type 161.
Dei øvrige lokomotiva på lista er utrangerte, men enkelte lok er tatt vare på til museumsbruk. På Ofotbanen blir svenske lokomotiv av typen Dm3 og IORE brukt for transport av malm frå Kiruna til Narvik. Desse toga blir på norsk side operert av det norske selskapet MTAS. MTAS er dotterselskapet av svenske MTAB, som igjen er 100% eigd av gruveselskapet LKAB. Dette gjer at Dm3 og IORE kan bli sett på som «halvnorske» lokomotiv. Det blir i tillegg køyrt ein del svenske Rc–lokomotiv i person- og godstrafikk mellom Noreg og Sverige.
Elektriske lokomotiv brukt i Noreg
endreLokomotiv | Bilde | Type | Driftstid | Talet bygde |
S.T. 1,2,3 | Elektrisk vekselstraumslokomotiv, smalspora | 1908–1974 | 3 stk | |
NSB type Ea 1 | manglar | Elektrisk akkumulatorlok | 1916–1944 | 1 stk |
NSB type Ea 2 | manglar | Elektrisk akkumulatorlok (seinare gjeve nemninga Ska 208) |
1920–1980 | 1 stk |
NSB type El 1 | Elektrisk linjelokomotiv | 1922–1988 | 24 stk | |
NSB type El 2 | manglar | Elektrisk linjelokomotiv | 1923–1967 | 2 stk |
NSB type El 3 | manglar | Elektrisk malmtogslokomotiv | 1925–1967 | 10 stk enkeltseksjonar. Kopla to og to, så tre og tre |
NSB type El 4 | manglar | Elektrisk malmtogslokomotiv | 1926–1963 | 5 stk |
NSB type El 5 | Elektrisk linjelokomotiv | 1926–1972 | 12 stk | |
NSB type El 6 (Opphavleg Rj.B. 4) |
manglar | Elektrisk skiftelokomotiv | 1912–1956 | 1 stk |
NSB type El 7 (Opphavleg Rj.B. 1-3) |
Elektrisk linjelokomotiv | 1911–1956 | 3 stk (2 til NSB) | |
S.T. 7,8 | manglar | Elektrisk lokomotiv | 1918–1974 | 2 stk |
NSB type El 8 | Elektrisk linjelokomotiv | 1940–1987 | 16 stk | |
NSB type El 9 | Elektrisk linjelokomotiv | 1947–1989 | 3 stk | |
NSB type El 10 | Elektrisk skiftelokomotiv | 1931–1999 | 17 stk | |
NSB type El 11 | Elektrisk linjelokomotiv | 1951–1998 | 41 stk | |
S.T. 5,6 | manglar | Elektrisk lokomotiv | manglar–1974 | 2 stk |
NSB type El 12 | Elektrisk malmtogslokomotiv | 1954–1992 | 8 seksjonar, opphavleg to kopla saman, seinare tre | |
NSB type El 13 (Seinare Ofotbanen AS) |
Elektrisk linjelokomotiv | 1957– | 37 stk | |
Rj.B 9,10 | manglar | Elektrisk linjelokomotiv | 1958–1991 | 2 stk |
NSB type El 14 (Seinare CargoNet) |
Elektrisk linjelokomotiv | 1968– | 31 stk | |
NSB type El 15 (Seinare Hector Rail BR 161) |
Elektrisk malmtogslokomotiv (Seinare linjelokomotiv) |
1967– | 6 stk | |
NSB type El 16 (Seinare CargoNet) |
Elektrisk linjelokomotiv | 1977– | 17 stk | |
NSB type El. 17 (Seinare Flåmsbanen) |
Elektrisk linjelokomotiv | 1981– | 12 stk | |
NSB type El 18 | Elektrisk linjelokomotiv | 1998– | 22 stk | |
CN 119 | manglar | Elektrisk godstoglokomotiv | 2008– |
S.T. = Salvesen & Thams, altså Thamshamnbanen