Norske handelsministrar
Wikimedia-listeartikkel
Norske handelsministrar er ei oversikt over statsrådar med ansvar for handel og tilgrensande saksområde, i tida 1947 til 1996.
Ved kgl.res. 5. desember 1947 blei eit nytt Handelsdepartement oppretta, og det tidlegare Departementet for handel, sjøfart, industri og handverk skifta namn til Industri-, handverk- og skipsfartsdepartementet, til vanleg kalla Industridepartementet. I 1955 fekk departementet nye ansvarsområde og skifta namn til Handels- og skipsfartsdepartementet. Statsråden blei til vanleg framleis kalla handelsminister fram til departementet blei avvikla pr 31. desember 1987. Statsrådposten heldt fram utan eige departement, innan Utanriksdepartementet, frå 1. januar 1988 til 25. oktober 1996.
Handelsdepartementet (1947–1955)
endre- 1947–1951: Erik Brofoss
- 1951–1954: Erik Brofoss
- 1954: Oscar Torp
- 1954: Nils Langhelle
Handels- og skipsfartsdepartementet (1955–1987)
endre- 1955: Nils Langhelle
- 1955–1962: Arne Skaug
- 1962–1963: Oscar Chr. Gundersen
- 1963: Kåre Willoch
- 1963–1964: Erik Himle
- 1964–1965: Trygve Lie
- 1965–1970: Kåre Willoch
- 1970–1971: Otto Grieg Tidemand
- 1971–1972: Per Kleppe
- 1972–1973: Hallvard Eika
- 1973–1974: Jens Evensen
- 1974–1976: Einar Magnussen (konstituert)
- 1976–1979: Hallvard Bakke
- 1979–1981: Reiulf Steen
- 1981: Kari Gjesteby
- 1981–1983: Arne Skauge
- 1983–1986: Asbjørn Haugstvedt
- 1986–1987: Kurt Mosbakk
Utanriksdepartementet, handels- og skipsfartssaker (1987–1996)
endre- 1988: Kurt Mosbakk
- 1988–1989: Jan Balstad
- 1989–1990: Kaci Kullmann Five
- 1990–1991: Eldrid Nordbø
- 1991–1994: Bjørn Tore Godal
- 1994–1996: Grete Knudsen