Hallvard Bakke

norsk politikar

Hallvard Bakke (fødd 4. februar 1943 i Flesberg i Buskerud) er ein norsk økonom, journalist, tidlegare politikar for Arbeidarpartiet og sidan 2006 styreleiar i NRK.

Hallvard Bakke
Fødd4. februar 1943 (81 år)
Flesberg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
EktefelleGunvor Hals
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervNorsk handelsminister 15. januar 1976–8. oktober 1979
FøregangarEinar Magnussen
EtterfylgjarReiulf Steen
VervNorsk kulturminister 9. mai 1986–16. oktober 1989
FøregangarLars Roar Langslet
EtterfylgjarEleonore Bjartveit
VervStortingsrepresentant 1977–1997
VervStyreleiar i NRK 2006–2010
FøregangarEldbjørg Løwer
EtterfylgjarWilliam Nygaard d.y.
Alle verv

Som student gjennomførte han russiskkurset i Forsvaret og utdanna seg til siviløkonom ved Noregs Handelshøgskole (1968).

Bakke arbeider ved Norsk institutt for strategiske studier (Noriss), ei vidareføring av Europa-programmet, som seniorrådgjevar. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i fem samanhengande periodar frå 1977 til 1997 etter å ha vore vararepresentant dei to føregåande periodane, 1969–1973 og 1973–1977. Hallvard Bakke var handels- og skipsfartsminister i regjeringa Nordli i 1976–1979, og kultur- og vitskapsminister i regjeringa Brundtland II i perioden 1986–1989. I EU-debatten markerte han seg tydeleg på nei-sida, og var leiar for SME (Sosialdemokratar mot EU).

Han var økonomisjef ved Den Nationale Scene frå 1969 til 1976, og før det var han i eitt år informasjonssjef same stad. Bakke er styreleiar i dansekompaniet Carte Blanche, og er eller har vore spaltist i avisene Dagsavisen, Klassekampen og BA. Han har også arbeidd eitt år som journalist i sistnemnde. I tillegg har han leidd Dagspresseutvalet og Massemedieutvalet, og skrive fleire bøker.

Hallvard Bakke var tidlegare gift med Gunvor Hals, programleiar i NRK.

Regjering endre

Presidentskapet på Stortinget endre

  • 8. oktober 1981–30. september 1985: andre varapresident i Odelstinget
  • 5. november 1984–15. desember 1984: mellombels president i Odelstinget
  • 9. oktober 1985–9. mai 1986: andre varapresident i Odelstinget

Stortingskomitéar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre