Antofagasta er ein hamneby og kommune, han er den byen i Norte Grande naturlege region i Chile med størst folkesetnad, og er hovudstaden i Antofagasta-regionen. Han er den sjette mest folkerike byen i landet og den mest folkerike kommunen utanfor Santiago metropol-regionen med 361 873 innbyggjarar, sjølv om han berre representerer 2,1 % av den totale folkesetnaden i landet.[2] Utnytting av mineral i området er vektig for næringslivet i Antofagasta, sidan 70-talet har ein sett vedvarande vekst knytt til bygg, handel og hotelldrift, og i byutvikling generelt.

Antofagasta
Horisonten til Antofagasta
Horisonten til Antofagasta
Byvåpenet til Antofagasta
Byvåpenet til Antofagasta
Styresmakter
Land
Region
Chile
Antofagasta-regionen
Geografi
Flatevidd 30 718 km²
Innbyggjarar 361 873 (2017)
Innbyggjarar
 - By (2017)

348 517[1]
Høgd over havet 40 m
Tidssone UTC-04:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.municipalidadantofagasta.cl/
Nettstad: www.municipalidadantofagasta.cl/
Plassering
Plassering av kommunen innanfor Antofagasta-regionen
Plassering av kommunen innanfor Antofagasta-regionen
Plassering av kommunen innanfor Antofagasta-regionen

Antofagasta blir rekna som byen med høgast inntekt per innbyggjar i Chile, tilsvarande 37 000 USD årleg.[3] Utviklinga kjem av hamne- og industriaktivitetar knytt til gruvedrifta som går føre seg i området. Han er rekna som byen med høgaste bustadprisar i landet.[4][5]

Antofagasta var vertskap for Copa América i 2015. Andre nasjonale og regionale konkurransar blir også arrangerte i byen, der fotball er sporten som tiltrekkjer seg mest publikum.

Det behagelege klimaet gjer byen til eit reisemål. Turistmåla inkluderer varehus, det historiske distriktet Antofagasta, strender og hamneområde, Mano del Desierto-skulpturen (handa i sanda) i Atacama og eit sølvstøyperi.

Stadnamnet endre

Det finst ei rekkje teoriar for opphavet til Antofagasta-stadnamnet, og det er inga semje om dette. Sannsynlegvis er Antofagasta eit samansett ord som kjem frå det utdøydde språket sørleg cacán: anto (eller hattun, som betyr 'stor'), faya (eller haya 'salt') og gasta ('by'), og vil komme til å bety 'folk i Salar Grande'. Det kan også vere eit samansett ord frå quechua: anta 'kopar' og pakay 'å skjule', 'løynt kopar'.[6]

Det har blitt sagt at namnet Antofagasta kjem etter ei avgjerd av president Mariano Melgarejo i Bolivia, som rundt år 1870 gav nytt namn til byen til ære for ein ranch han eigde i Antofagasta de la Sierra.[7]

Folk frå Antofagasta vert kalla antofagastina eller antofagastino.[8]

Geografi endre

Kommunen har kystlinje mot Stillehavet i vest og i aust grensar han mot Salta-provinsen i Argentina. Byområdet Antofagasta dukkar brått opp i ørkenlandskapet og ligg på kystslettene, sør for Mejillones-halvøya og nord for Cerro Coloso. Steinbukken sin vendekrins fell saman i den nordlege delen av byen, utanfor bykjernen, der Andrés Sabella Gálvez nasjonale flyplass ligg. Av denne grunn, vart den monumentale skulpturen, Hito al Trópico de Capricornio (steinbukken sin vendekrins), innvigd der i desember 2000.

Det finst lite vegetasjon innanfor kommunegrensene fordi dette er ein del av Atacama-ørkenen, den tørraste i verda.[9]

Økonomi endre

Antofagasta blir rekna som byen i Chile med høgste bu- og levekostnadar[10] saman med Santiago og Punta Arenas. I tillegg har folk der høgast kjøpekraft og tener meir enn gjennomsnittet i landet på grunn av hegemoniet gruvedrifta.[11] Trass i den økonomiske krisa i 2009, har Antofagasta lågare arbeidsløyse enn resten av Chile.

Historisk sett har både regionen og kommunen hatt ein økonomi basert i mindre grad på industriell produksjon og i større grad på utnytting av mineralar, særleg kopar. I dei første åra var leitinga etter mineral og spesielt koparførekomstar prioritert. På 1800-talet kom oppdaginga av salpeterførekomstar og deira store verdsomspennande verdi på den tida. Fram mot 1920-talet, var nitrat i naturleg tilstand den vektigaste eksportartikkelen frå Chile. Salpetergruvedrift fall kraftig med oppdaginga av Haber-Bosch-prosessen i Tyskland,[12] og kopar vart framståande frå midten av 1900-talet. Etter fallet i nitratindustrien, som vart utløyst av oppdaginga av syntetisk nitrat, gjekk Chile inn i ein djup økonomisk depresjon som påverka landet i fleire tiår.[13] For tida har kopar vorte det viktigaste mineralet i landet. Per 2022 er 54 % av gruveproduksjonen i Chile vunnen ut i Antofagasta-regionen, og det representerer 16 % av koparproduksjonen i verda.[14] Andre mineral av interesse er litium, jod, borat, sølvgruvedrift og gull i mykje mindre grad.

Kjelder endre

Referanar
  1. 1,0 1,1 «Ciudades, pueblos, aldeas y caseríos 2019» (PDF) (på spansk). 2019. Henta 13. januar 2021. 
  2. «Plantilla Censo 2017». Henta 19. januar 2023. 
  3. Economía y Negocios (red.). «PIB per cápita de Antofagasta se asemeja al de Reino Unido, y el de La Araucanía, al de Ecuador». Henta 19. januar 2023. 
  4. «Concón y Antofagasta lideran ranking de las comunas más caras para acceder a viviendas». Bio Bio. 
  5. «Santiago continúa siendo la ciudad más cara de Chile». 
  6. Karen P. Müller Turina. «Provincia de Antofagasta: Toponimia». Henta 19. januar 2023. 
  7. «Antofagasta (1845-2006) - Memoria Chilena». Henta 19. januar 2023. 
  8. «Gentilicios de Chile». Henta 19. januar 2023. 
  9. «Atacama» i Store norske leksikon, snl.no.
  10. Cost of Living in Chile, henta 19. januar 2023
  11. Marianela Jarroud, Inter Press Service, 19. september 2015 Antofagasta Mining Region Reflects Chile’s Inequality, henta 19. januar
  12. Encyclopedia.com Nitrate Industry, henta 19. januar 2023
  13. Lüders, R., & Wagner, G. (2003). Nitrate export collapse and the Great Depression: Trigger or chance? Cuadernos de economía, 40(121), 796-802, http://dx.doi.org/10.4067/S0717-68212003012100055 
  14. Exponor Chile 2022 Brosjyre for Internasjonal teknologiutstilling, gruvedrift og energi, henta 19. januar 2023

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Antofagasta