Nyzealandmåse

underart av fuglar
Nyzealandmåse
Nyzealandmåse
Nyzealandmåse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Måsar Larinae
Slekt: Chroicocephalus
Art: C. novaehollandiae
Underart: Nyzealandmåse C. n. scopulinus
Vitskapleg namn
Chroicocephalus novaehollandiae scopulinus

Nyzealandmåse eller nyzealandmåke (Chroicocephalus scopulinus), maori Tarāpunga, er ein kystbunden sjøfugl i måsefamilien. Arten er stadeigen for New Zealand, og lever langs kysten på begge hovudøyane og andre lærliggjande øyar, dessutan så fjernt som Chatham-øyane.

Skildring endre

Vokalisering frå nyzealandmåse

Nyzealandmåse er ein ganske liten måse med eit heilraudt nebb, raud augering, raude bein og føter, lysegrå venger med svarte vengetippar. Resten av kroppen og halen er kvit. Det er nesten ingen visuelle skilnader mellom hannfuglar og hofuglar. Umodne måsar har eit mørkt brunt nebb med berre svakt skjer av raudt. Beina er òg brune hos juvenile og det er brune flekker på dei grå vengene.

Han er den minste måsen av dei som ofte blir sett på New Zealand, ca. 37 centimeter i lengd og 260 til 300 gram i kroppsmasse, men hannen som den største.[1] Inntil nyleg vart han trudd å vere ein underart av australmåse, Larus novaehollandiae i Australia, og dei ​​to artane er svært like i utsjånad. Men den nyaste forskinga tyder på at dei ikkje er spesielt nært nærskylde.[2]

Åtferdsmessig er nyzealandmåse ein typisk måse. Han er ein aggressiv åtseletar og er kleptoparasittisk. Etter at den europeiske busetjinga tok til å vekse fram i landet har populasjonen av nyzealandmåse auka, spesielt rundt kystnære byar der han kan søke føde frå urbant avfall. Han lever normalt på småfisk, skaldyr og ormar, og nokre gonger bær, øgler og insekt.

Dei hekkar frå oktober til desember i koloniar på kysten, anten på øyar eller fjellsider og strender. Fuglane dannar parforhold som varar over fleire hekkesesongar, men det er ei viss mengd ekstraparkopulasjonar. Matgåver i samband med kurtisering er ein viktig del av førebuingar til paring. Reira er godt utforma og kan vere konstruert av tong, gras, blad og andre planter. Vanlegvis er kullet på to til tre egg, farga varierer frå brun til grå med lyse og mørkbrune flekker over. Forventa levetid er 9 år for hofuglar 6 år for hannfuglar, lengste kjente levealder er minst 28 år.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson (2005)
  2. Shirihai, H. (2002). A complete guide to Antarctic wildlife. Alula Press, Oy, Finland. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nyzealandmåse