Odd Bondevik

norsk biskop

Odd Bondevik (fødd 20. juni 1941 i Sauda, død 6. september 2014 i Drammen) var ein norsk teolog som var biskop i Møre bispedøme i Den norske kyrkja frå 1991 til 2008.

Odd Bondevik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1941
Sauda kommune
Død

6. september 2014 (73 år)
Drammen kommune

Yrke prest, misjonær
Verv Preses i den norske kyrkja
Periode 1998-2002
Føregangar Andreas Aarflot
Etterfylgjar Finn Wagle
Verv Biskop i Møre
Periode 1991-2008
Føregangar Ole Nordhaug
Etterfylgjar Ingeborg Midttømme
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Kjell Bondevik
Odd Bondevik på Commons

Bondevik var fødd i Sauda. Då han var åtte år, flytta familien til Oslo fordi faren, Kjell Bondevik, tok til på Stortinget som representant for Kristeleg folkeparti. I 1960 tok Odd Bondevik fatt på teologistudiet og i 1967 tente han verneplikta som feltprest. Tidleg i 1969 reiste han til Japan som misjonær for Det Norske Misjonsselskap (NMS). I 1978 kom han heim for å ta over stillinga som misjonssekretær ved NMS sitt hovudkontor. Frå november 1980 gjekk han inn i stillinga som generalsekretær og vart med det øvste leiar i den eldste misjonsorganisasjonen i Noreg. Han hadde denne stillinga til han vart vigsla til biskop i Møre 17. november 1991.

Odd Bondevik var syskenbarnet til den norske statsministeren Kjell Magne Bondevik.