Odfjell SE
Odfjell-gruppa er eit av dei leiande shippingselskapa i verda innan transport og lagring av kjemikaliar. Flåten til selskapet består av kring 80 skip, hovudsakleg registrert i Noreg (NIS) og Singapore. Odfjell opererer over heile verda og transporterer rundt 600 ulike typar kjemikaliar og annan flytande material. Disse er viktige bestanddelar for produksjon av utalde produkt - frå fotballar, bildelar og drikkeflasker til medisinar, måling og gjødsel.
Odfjell SE | |||
| |||
| |||
Org.nr. | 930192503 | ||
---|---|---|---|
Bransje | Godsfrakt | ||
Skipa | 1914 | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://odfjell.com (norsk) |
Odfjell har òg eigardel i seks tankterminalar lokalisert i Belgia, USA, Sør-Korea og Kina. Terminalverksemda er òg knytt til seg eit nettverk i Sør-Amerika beståande av ytterlegare 13 tankterminalar delvis ått av nærståande partar.
Selskapet har rundt 2300 tilsette og avdelingar i 14 land, med hovudkontor i Bergen i Noreg. Selskapet hadde ein årleg brutto omsetnad på USD 851 millionar i 2018.
Historie
endreOdfjell er blant dei eldste eksisterande reiarlaga i Bergen. Røtene går attende til 1890, då kaptein Berent Daniel Olsen flytta til Bergen for å ta del i shippingindustrien. Det første familieselskapet vart registrert i 1914 av Olsens søner, Fredrik, Abraham og Andreas Odfjell. Som logoen sin brukte brørne Odfjell tre ringar i raudt, blått og gult, som representerte kvar av dei tre. Fredrik og Abraham innlemma det felles skipsforvaltingsselskapet AS Rederiet Odfjell i april 1915, og i 1917 overtok brørne reiarlaget AS DS Storli.
Odfjell under andre verdskrigen
endreVed utbrotet av andre verdskrig hadde Odfjell ein flåte på sju skip. Den tyske okkupasjonen av Noreg delte flåten i to: dei tre skipa i nasjonalt farvatn vart beordra til å tene tyske passasjerar, medan dei fire skipa i internasjonalt farvatn vart styrt av Nortraship (The Norwegian Shipping and Trade Mission) som vart oppretta i 1940 for å administrera den norske handelsflåten utanfor tyskstyrte område. To av dei tre skipa i heimeflåten gjekk tapt, medan tre av dei fire skipa i Nortraship-flåten kom uskadd gjennom krigen.
1945–1969
endreFredrik og Abraham Odfjell døydde i høvesvis 1950 og 1960. Sønene deira, Bernt Daniel Odfjell og Johan Odvar Odfjell, overtok selskapet. I løpet av 1950-åra gjekk Odfjell i to retningar: generell cargo trading og drift av små tankskip. Dei sistnemnde skipa vart gradvis meir spesialiserte og i stand til å bere svovelsyre.
I løpet av 1960-talet gjorde selskapet ein strategisk reposisjonering ved å utvida kjemikalietankverksemda. MT «Lind» var det viktigaste skipet til Odfjell i denne perioden. Fartøyet vart bygd for Odfjell av Stord Verft og var det første spesialbygde rustfrie tankskipet i stål i verda. I løpet av denne perioden skifta selskapet fokus frå generelle lasteskip til spesialbygde, mindre kjemikalietankskip.
Odfjell gjekk òg inn i nye marknader: tankterminalar og offshore boreriggar. I 1963 starta Odfjell sin eigen befraktningsavdeling, Minde Chartering, som var eit viktig skritt mot å gjera Odfjell til eit fullt integrert reiarlag. I 1969 opna Odfjell sin første tankterminal, TAGSA-terminalen i Buenos Aires i Argentina.
1970–1989
endreEtter oljeembargoen til OPEC i 1973 forverra den økonomiske situasjonen i shippingindustrien seg dramatisk. Veletablerte reiarlag gjekk under, og råoljetankskip vart eit vanleg syn i mange norske fjordar. Situasjonen var òg turbulent for Odfjell, men etter å ha skipa ein lønsam nisje i kjemikaliemarknaden vart ikkje selskapet like hardt ramma som reiarlag i andre bransjar. Sidan det var nesten umogleg å konvertera andre typar skip til kjemikalietankskip på grunn av nye strenge reguleringsregime, vart kjemikalietankmarknadeni stor grad spara.
I 1979 vedtok familien Odfjell å splitta selskapet i to. Delinga vart offisielt gjennomført 1. mars 1980. Bernt Daniel Odfjell og sonen Dan Odfjell overtok terminalverksemda og deep-sea kjemikalietankflåten, med Skibsaksjeselskapet Storli som hovudverksemd. Johan Odvar Odfjell og hans son Abraham Odfjell overtok dei vesle tankskipa - seinare kjent som Jo Tankers - og offshore-riggverksemda gjennom Odfjell Drilling and Consulting Company (ODCC).
Delingen mellom familien og dei utfordrande marknadstilhøva på 1970-talet og tidleg på 1980-talet førte til at selskapet vart langt mindre og i større grad økonomisk belasta. For å attvinne ein leiande posisjon innan kjemikalietankskip vart det strategiske fokuset sett på konsolidering og vekst. Selskapet samarbeidd med Westfal-Larsen, ein ny tankterminal i Houston i Texas vart bygd, og selskapet investerte i nye ordrar og oppkjøp av brukt tonnasje. For å finansiera desse investeringane vart Skibsaksjeselskapet Storli børsnotert på Oslo Børs i 1986.
1990–2018
endreI løpet av 1990-talet heldt selskapet fram å ekspandera. National Chemical Carriers (NCC) i Saudi-Arabia erstatta Westfal-Larsen som kjemikalietankpartner. Selskapet tredde inn i den asiatiske tankmarknaden og vart ein aktør i dei regionale short-sea marknadene i Asia og Amerika. I februar 1998 endra selskapet namn frå S/A Storli til Odfjell OS, med implementeringa av dagens selskapslogo. Den originale logoen med tre ringar vert halden som baumerke på skipa.
Utvidinga heldt fram inn i det nye tusenåret. I år 2000 annonserte Odfjell fusjonen mellom Odfjell Tankers og Seachem, og tilførte 20 nye skip til flåten. På dette tidspunktet var Odfjell den nest største operatør av kjemikalietankskip i verda, Seachem den fjerde. Seinare same år kjøpte Odfjell Botlek Tank Terminal i Rotterdam og omdøypte han til Odfjell Terminals (Rotterdam). Deretter auka engasjementet i tankterminalar raskt. I 2012 gjekk Odfjell òg inn i transport av gass gjennom eit oppkjøp av to 9000 cbm LPG / etylene-skip.
I 2017 selde selskapet sin eigardel i Exir Chemical Terminal og Oiltanking Odfjell Terminal Singapore Pte Ltd, og i 2018 vart òg tankterminalen i Rotterdam selt. Fleire nybyggingskontraktar på skip inngått, og selskapet inngjekk poolavtalar med andre shippingaktørar. Med detta fornya Odfjell store delar av flåten sin, og selskapet opererer i dag ei av dei største og mest energivenlege flåtane av kjemikalietankskip i verda.
Organisasjon
endreOdfjell SE er moderselskapet til Odfjell-gruppa, og allmennaksjeselskap på Oslo Børs.
Odfjell Ship Management driftar Odfjell sina åtte skip med m.a. vedlikehald, bemanning, logistikk, teknologi, nybygg og QHSSE (kvalitet, helse, tryggleik, tryggleik og miljø).
Odfjell Tankers AS er eit dotterselskap av Odfjell SE, og kontrollerer og driv ein flåte på rundt 80 skip. Odfjell Tankers har 14 kontor og avdelingar verda over, opererer globalt og regionalt med tonnasje frå 5.000 DWT til 75 000 DWT. Majoriteten av tonnasjen er ått og vert forvalta av Odfjell SE.
Odfjell Terminals drifter seks tankterminalar i sentrale internasjonale hamner: tre i Kina, ein i Sør-Korea og to i USA, og har ein 25% eigardel i Noord Natie terminal i Belgia. I tillegg har Odfjell Terminals ein samarbeidsavtala med ytterlegare 13 terminalar i Sør-Amerika, lokalisert i Peru, Brasil, Argentina og Chile. Desse terminalane er delvis ått av nærståande partar.
Litteratur
endre- Atle Thowsen, Stig Tenold og Tore L. Nilsen: «Odfjell: The History of a Shipping Company», Odfjell, 2006. ISBN 8270640581, ISBN 9788270640584