Hurtigruten AS
Hurtigruten AS, tidlegare Hurtigruten Group ASA og Hurtigruten ASA, er eit norsk reiarlag som mellom anna opererer Hurtigruta. Selskapet vart stifta som Hurtigruten Group ASA 1. mars 2006 ved samanslåinga av Troms Fylkes Dampskibsselskap og Ofotens og Vesteraalens Dampskipsselskab, med hovudkontor i Narvik. Eigaren av reiarlaget er Silk Bidco AS, der hovudaksjonæren er det London-baserte investeringsselskapet TDR Capital.[2]
Hurtigruten AS | |||
Det tidlegare hovudkontoret i Havnegata 2 i Narvik Foto: TorbjørnS | |||
Org.form | Aksjeselskap OSE: HRG | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 914148324[1] | ||
Bransje | Reiarlag | ||
Skipa | 2006 | ||
Forgjengar(ar) | Troms Fylkes Dampskibsselskap, Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab | ||
Morselskap | TDR Capital | ||
Hovudkontor | Tromsø | ||
Land | Noreg | ||
Grunnleggjar(ar) | Richard With | ||
Styreleiar | Trygve Hegnar | ||
Adm.dir. | Daniel Skjeldam | ||
Tilsette | 1 757 (2013) | ||
Nettstad | https://www.hurtigruten.com (fleire språk) |
Selskapet skifta namn til Hurtigruten ASA 26. april 2007. 2. februar 2015 fekk skifta Hurtigruten ASA namn til Hurtigruten AS, og hovudkontoret vart flytta til Tromsø.[3] HRG har omtrent 3 400 tilsette, og driv og mellom anna USA og Sør-Amerika. Selskapet driftar 11 hurtigruteskip langs norskekysten. Fram til 2008 dreiv selskapet òg ferjer og snøggbåtar i Nordland, Troms og Sunnmøre, men selskapet Torghatten Nord tok over ferjene og snøggbåtane i Nordland og Troms dette året. Hurtigruten AS har òg skip i cruise i Antarktis.
Hurtigruteskip
endre- MS «Fram»
- MS «Midnatsol»
- MS «Trollfjord»
- MS «Finnmarken»
- MS «Nordnorge»
- MS «Polarlys»
- MS «Nordkapp»
- MS «Nordlys»
- MS «Richard With»
- MS «Kong Harald»
- MS «Vesterålen»
- MS «Lyngen»
- MS «Lofoten» (går inn for MS «Nordnorge» når dette er seg på vintercruise i Antarktis)
- MS «Nordstjernen»
Kjelder
endre- ↑ https://www.proff.no/selskap/hurtigruten-group-as/oslo/hovedkontortjenester/IF49DD010NZ/; vitjingsdato: 12. mai 2023.
- ↑ Regjering.no: Havila og Hurtigruten får kontrakter på kystruten Bergen-Kirkenes, 23. mars 2018
- ↑ «Slik blir hovedkontoret, form og styret i nye Hurtigruten AS». Vest24. 3. februar 2015. Henta 3. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Kvar er hurtigruta no? Arkivert 2007-08-26 ved Wayback Machine.