Okerhjelmkolibri
Okerhjelmkolibri
Okerhjelmkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av okerhjelmkolibri
Utbreiinga av okerhjelmkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Oxypogon
Art: Okerhjelmkolibri O. stuebelii
Vitskapleg namn
Oxypogon stuebelii

Okerhjelmkolibri, Oxypogon stuebelii, er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk for eit lite område i den sentrale cordillera i Andes, i grenseområde mellom Tolima-departementet og dei små departementa Caldas, Risaralda og Quindío i Colombia.

Skildring endre

Som andre Oxypogon-kolibriar har hannfuglar av denne arten særmerkt litt rufsete fjørkam og skjegg. Sett fram frå, er det sentrale, iriserande partiet i strupeskjegget i fargene grønt, brunt og lilla, sistnemnte mest framtredande og nedst. Okerhjelmkolibri har mørkt hovud som er omkrinsa av lys, gulbrun krage. Undersida er lys kanelbrun, oversida er mørkare olivengrøn til brunleg. Det svarte nebbet er kort og rettpeikande. Hofuglen liknar hannen, men manglar fjørtopp på hovudet og manglar skjegget. Det karakteristiske for okerhjelmkolibri er at har kortare fjørtopp på hovudet enn dei andre artane i slekta, og at fjørtoppen er i brunt og svart der dei andre artane har svart og kvite parti fjører.[1] Denne arten måler frå rundt 12 centimeter i kroppslengd, som dei andre i slekta.

Heile utbreiingsområdet for denne arten ligg i Los Nevados nasjonalpark, som er 583 km2. Habitatet ligg høgt, over 3500 moh., i fuktig páramo-vegetasjon der dei beitar på blomar på Espeletia-plantar. Dietten er insekt og nektar.

Storleiken på populasjonen er estimert til under 1000 individ, og er trudd å vere stabil trass trugsmål frå nedbrenning av vegetasjon når areal for jorddyrking blir utvida.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Collar & Salaman, 2013.
  2. Birdlife International, 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Okerhjelmkolibri