Ola Solberg (4. mars 18861977) var ein norsk redaktør og politikar frå Heradsbygd i Elverum. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1928-45, vald frå kjøpstadene i Telemark og Vest-Agder.

Ola Solberg

Fødd4. mars 1886
Heradsbygd
Død23. mai 1977 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv

Solberg var son til ein småbrukar og målar. Etter å ha fullført lærarskulen på Elverum i 1907, fekk han seg jobb i avisa Solungen. I 1909 arbeidde han som redaksjonssekretær i Bratsberg-Demokraten i Skien og 1910 i Osloavisa Sosial-Demokraten. Han slo seg til ro etter han tok over redaktørstillinga i avisa Sørlandet i Kristiansand i 1911. I 1924 flytta han til Arendal, der han redigerte avisa Tiden til han vart pensjonert.

Solberg sat i ei rad kommunale utval og styre, både medan han budde i Kristiansand og seinare i Arendal. Mellom anna var han forlikskommissær i Kristiansand og styreformann frå 1945 i Noregs Bank si avdeling i Arendal. Han var ordførar for Arendal bystyre 1945-47.

Frå 1928 var Solberg stortingsrepresentant frå valkrinsen som omfatta Notodden, Skien, Porsgrunn, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal og Grimstad. Etter attval i dei tre etterfølgjande stortingsvala, vart han verande stortingsmann til 1945. I alle år på Stortinget var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen, som sekretær 1937-45.

Kjelder endre