Old MacDonald Had a Farm

«Old MacDonald Had a Farm» er ein amerikansk barnesong om ein bonde og dei forskjellige dyra han har på garden. Det vert sungen om eit nytt dyr og lydane det lagar i kvart nye vers. I mange versjonar vert songen lengre for kvart vers der ein i kvart nye vers syng alle dyrelydane frå dei tidlegare versa i tillegg til den nye lyden.[1] Bonden heiter gjerne MacDonald, Macdonald eller McDonald, men blir også omtalt under andre namn. Songen er nummer 745 i Roud Folk Song Index.

«Old MacDonald Had a Farm»
Roud #745
Låtskrivar Tradisjonell
Publisert 1917
Språk Engelsk
Form Barnerim
Ein versjon frå 1927.

Tidlege versjonar endre

I boka Tommy's Tunes frå 1917, ei samling av songar frå første verdskrigstida av F.T. Nettleingham,[2] er songen «Ohio» ganske lik, men med eit litt anna namn på bonden og eit litt anna refreng:

Old Macdougal had a farm in Ohio-i-o,
And on that farm he had some dogs in Ohio-i-o,
With a bow-wow here, and a bow-wow there,
Here a bow, there a wow, everywhere a bow-wow.

Denne versjonen omtalar sju dyr: nokre hundar, nokre høner nokre ender, nokre kyr, nokre grisar, nokre kattar og nokre esel.[3]

I Traditional Ballad Index vert Tommy's Tunes-versjonen rekna for å vere den tidlegaste kjende versjonen av «Old Macdonald Had a Farm», men indeksne omtalar også fleire variantar som i somme høve er langt eldre.[1]

To av desse variantane vart publiserte i Vance Randolph sin Ozark Folksongs i 1980. Ein var «Old Missouri», sungen av ein H.F. Walker frå Missouri i 1922. Denne versjonen nemner forskjellige kroppsdeler på eit muldyr i staden for forskjellige dyr:

Old Missouri had a mule, he-hi-he-hi-ho,
And on this mule there were two ears, he-hi-he-hi-ho.
With a flip-flop here and a flip-flop there,
And here a flop and there a flop and everywhere a flip-flop
Old Missouri had a mule, he-hi-he-hi-ho.

Ein britisk versjon av songen, kalla «The Farmyard, or The Merry Green Fields», vart nedskriven i 1908 etter 74 år gamle fru Goodey i Marylebone Workhouse i London, og publisert i Collection of English Folk Songs av Cecil Sharp.

Up was I on my fa-ther's farm
On a May day morn-ing ear-ly;
Feed-ing of my fa-ther's cows
On a May day morn-ing ear-ly,
With a moo moo here and a moo moo there,
Here a moo, there a moo, Here a pret-ty moo.
Six pret-ty maids come and gang a-long o' me
To the mer-ry green fields of the farm-yard.

Den kanskje tidlegaste registrerte versjonen av denne songfamilien er eit nummer frå ein opera kalla The Kingdom of the Birds, publisert i 1719-1720 i Thomas D'Urfey sin Wit and Mirth, or Pills to Purge Melancholy:

In the Fields in Frost and Snows,
Watching late and early;
There I keep my Father's Cows,
There I Milk 'em Yearly:
Booing here, Booing there,
Here a Boo, there a Boo, every where a Boo,
We defy all Care and Strife,
In a Charming Country-Life.

Norsk versjon endre

Ola Olsen
Singel av Christiania Fusel & Blaagress
frå albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress
B-side

«Fanitullen»

Språk engelsk
Utgjeve våren 1972[4]
Innspelt Rosenborg Studios, våren 1972[5]
Sjanger Bluegrass, humor
Lengd 3:12
Komponist trad
Tekstforfattar trad
Låtskrivar(ar) Trad. arr. Christiania Fusel & Blaagress
Produsent Øystein Sunde, Mikkel Aas
Christiania Fusel & Blaagress-kronologi 
«Det kjem nok betre tider»
(1968)
Ola Olsen


Christiania Fusel & Blaagress (heretter forkorta CF&B) gav ut ein norsk coverversjon med tittelen «Ola Olsen» våren 1972 som A-side singel med Christiania Fusel & Blaagress.[4] 20. november same året vart han gjeven ut på albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress.[5][6][7]

CF&B følgde mønsteret frå originalteksten, men det var ikkje berre dyr som vart nemnt, men òg bil, sykkel og fele. Når teksten nemner «fele», vert det spelt litt frå Georges Bizet-komposisjonen «Carmen» («Preludium»-delen av stykket). For kvart vers gjorde dei ein modulering; altså dei skiftet tonearten eit hakk høgare opp. Spike Jones er oppført som inspirasjon på plateomslaget. På innspelinga deltok følgjande musikarar[8]:

Andre omsetjingar endre

Teksten er omsett til mange språk og lett endra for å passe rytmen og kulturen. Det er framleis ein barnesong og melodien er den same.

  • Ein egyptisk-arabisk versjon med «Geddo Ali» (Bestefar Ali, egyptisk-arabisk جدو على) som bonden.
  • Ein italiensk versjon er «Nella vecchia fattoria» (På den gamle garden). Bonden er Zio Tobia (onkel Tobias).
  • Ein tysk versjon er «Onkel Jörg hat einen Bauernhof».[9] Ein alternativ versjon er «Old MacDonald hat 'ne Farm» (forkorting for eine Farm), som har halde det engelske namnet på bonden.
  • På spansk heiter han «En la granja de Pepito» eller «En la vieja factoría».
  • På dansk heiter han «Jens Hansen havde en bondegård» og på svensk heiter songen «Per Olsson hade en bonnagård».
  • På portugisisk er den mest vanlege versjonen «Na quinta do tio Manel» («På garden til onkel Manel»), med dei alternative versjonane «Seu Lobato tinha um sítio» eller «O velho McDonald tinha uma fazenda».
  • På polsk heiter songen «Stary Donald farmę miał» eller «Pan McDonald farmę miał», med same tydinga som på engesk.
  • På fransk «La Ferme à Mathurin» («Mathurins gard»).
  • På tyrkisk «Ali Baba'nın Bir Çiftliği Var» («Ali Baba har ein gard»)
  • På slovensk «Na kmetiji je lepo» (På ein gard er det vakkert), og kan vere ein barnesong. I somme versjonar er teksten vulgær og omgjort til ei drikkevise.
  • På hebraisk לדוד משה הייתה חווה (LaDod Moshe hayta hava) eller «Onkel Moshe hadde ein gard».
  • På kinesisk er det fleire versjonar av songen med same melodi. Den mest populære er 王老先生有块地 (Wáng lǎo xiānshēng yǒu kuài dì), eller «Game herr Wang hadde litt jord».
  • På japansk ゆかいな牧場 (Yukai-na Makiba, som tyder: «Lukkeleg gard»), der Ichiro, Jiro og Saburo er bøndene som har dyr. Ein annan japansk versjon heiter マックのおじさん (Makku no Ojisan, som tyder: «Gamle Mac»), som høyres ut som den engelske versjonen.
  • På malay heiter songen «Pak Atan Ada Ladang» (Onkel Atan hadde ein gard)
  • På serbisk «Svako jutro jedno jaje organizmu snagu daje» («Eit egg om dagen gjer menneske sterk») har same melodien.
  • På koreansk '그래 그래서' («Geulae geulaeseo», som tyder: «Så og»). Gamle herr Park hadde ein gard og dyr.
  • På finsk «Piippolan vaarilla oli talo» (tyder: «Bestefar Piippola hadde eit hus»)
  • På tsjekkisk vert han kalla «Strýček Donald farmu měl» som tyder «Onkel Donald hadde ein gard»

Innspelingar endre

Den eldste versjonen som er oppført i Traditional Ballad Index er Sam Patterson Trio sin versjon av «Old MacDonald Had a Farm», gjeven ut på Edison i 1925. Denne vart etterfølgd av ein versjon av Gid Tanner & His Skillet Lickers, «Old McDonald Had a Farm» (Columbia Records, 1927) og «McDonald's Farm» av Warren Caplinger's Cumberland Mountain Entertainers (Brunswick Records, 1928). I 1954 vart songen aarrangert for ein trekkspelsekstett og spelt inn for RCA Thesaurus av John Serry sr. i USA.

Andre populære versjonar er spelt inn av Frank Sinatra (Capitol, 1960), Harry Connick jr., Elvis Presley (i filmen Double Trouble), Nat King Cole, Alvin and the Chipmunks, Ella Fitzgerald (i 1967 på albumet Whisper Not), Flatt & Scruggs, Spike Jones and his City Slickers,[10] The Three Stooges, Sesame Street, Gene Autry, The Kelly Family[11] og Nikki Yanofsky.[12] Ein rockeversjon vart spelt inn av The Isley Brothers i 1950-åra og i 1961 vart ein instrumental versjon spelt inn av The Piltdown Men som «McDonald's Cave.»

Populære Kidsongs spelte inn «A Day At Old MacDonald's Farm» for video og CD i 1985.[13] Det australske barne-TV-programmet Play School spelte inn ein versjon av denne songen på albumet There's A Bear In There.

Songen vart sungen i fleire episodar av Barney & Friends. I tillegg vart melodoien nytta i fleire andre songar, som «Our Friend Barney Has a Face» og «Our Friend Barney Had A Band».

Ein variant av songen vart nytta under presidentkampanjen i USA i 1952 for Adlai Stevenson II.[14]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Old MacDonald Had a Farm» at The Tradisjonell Ballad Index
  2. «Catalog Record: Tommy's tunes; a comprehensive collection of...». Catalog.hathitrust.org. Henta 6. desember 2016. 
  3. «Ohio,» Tommy's Tunes, collected and arrangert av F. T. Nettleingham (London, W.C. 1: Erskine Macdonald, Ltd., October 1917), s. 84–85.
  4. 4,0 4,1 Spinner Records – Medium: Øystein Sunde/Christiania Fusel & Blaagress/Hi-Five – singel diskografi
  5. 5,0 5,1 Spinner Records – Medium: Som varmt hvetebrød i tørt gress – Christiania Fusel & Blaagress (1972)
  6. Aftenposten (Morgen) – 21. november 1972 side 8
  7. VG – 22. november 1972 side 33.
  8. Som varmt hvetebrød i tørt gress – informasjon på omslaget
  9. «Onkel Jörg hat einen Bauernhof». Henta 24 August 2016. 
  10. «Old MacDonald Had A Farm» - Spike Jones, YouTube
  11. «Wonderful World! | The Kelly Family Album | Yahoo! Music». New.music.yahoo.com. Henta 6. desember 2016. 
  12. «Old MacDonald | Ella...of Thee I Swing». 
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. mars 2009, henta 6. desember 2016 
  14. «Commercials - 1952 - Let's Not Forget the Farmer». The Living Room Candidate. 29 March 1952. Henta 6. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Old MacDonald Had a Farm