Ole Kristian Hafnor (15. april 18825. august 1962) var ein norsk næringsdrivar, redaktør og politikar frå Modum i Buskerud. Han representerte ArbeidarpartietStortinget 1928-30.

Ole Hafnor
Fødd15. april 1882
Modum kommune
Død5. august 1962 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeavisredaktør, politikar
Alle verv

Hafnor var son til ein hjulmakar og arbeidde frå 1896 til 1902 sjølv som hjulmakar hos vognfabrikant A. Andresen i Drammen. Dei neste åtte åra var han meistersvein på K. Knudsens vognfabrikk i Arendal. Frå 1910 til -22 dreiv han sin eigen vognfabrikk i Solum i Telemark. Sidan dreiv han Bøle bensinstasjon på Bøle ved Skien og frå 1930 til -44 var han i tillegg disponent for Skiens Drosje- og Rutbileieres Indkjøpslag. Under 2. verdskrigen også knottfabrikant.

Hafnor engasjerte seg tidleg i politikken og var medlem 1907-10 i bystyret i Arendal, 1913-18 i heradsstyret i Solum og 1919-28 i bystyret i Skien. Både i Solum og i Skien var han ei tid varaordførar, i Skien også formann i skulestyret. På 1920-talet var han ein av dei i Arbeidarpartiet som fylgde fleirtalslina under partistridane i DnA. Frå 1926 til 1928 redigerte han den avisa som vart til Telemark Arbeiderblad. Etter å ha vorte vald til stortingsrepresentant for kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder hausten 1927, møtte han på Tinget valbolken 1928-30, vald for Arbeidarpartiet. Heile tingperioden var han sekretær i Protokollkomiteen.

Kjelder endre