Olga Vasiljevna Sjisjigina (fødd 23. desember 1968) er ein kasakhstansk tidlegare friidrettsutøvar frå Almaty som vart olympisk mester på 100 meter hekk i 2000, og elles vann sølv og bronse i same øvinga i 1995 og 2001.

Olga Sjisjigina


Statsborgarskap Kasakhstan
Fødd 23. desember 1968 (55 år)
Almaty
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Asialekene 1994, Asialeikene 1998

Utmerkingar

Kurmetordenen, Q112601465, Medaljen til minne om Republikken Kasakhstan 25 års uavhengighet, Q115678842, Medaljen i anledning medalje 20-året for Republikken Kasakhstans forfatning, Q123713202, Dostyk Order of grade II

Sjisjigina hadde uvanleg stor framgang i 1994 og vann korthekken under Asia-leikane i Hiroshima på tida 12,80. Den 27. juni 1995 kom ho i mål til personleg rekord 12,44 sekunder ved eit stemne i Luzern, hennar livs snøggaste hekkeløp. Seinare same sommaren sikra ho seg VM-sølvet på 100 meter hekk, slått einast av Gail Devers frå USA. I 1996 vart Sjisjigina stengd ute frå idretten då ho vart avslørt for brot på dopingreglane.

I 1998 kom Sjisjigina tilbake på friidrettsbana og sigra på 100 m hekk under Asia-leikane på ei så god tid som 12,63. År 1999 vann ho 60 meter hekk ved innandørs-VM i Maebashi i Japan. Trass i sterke 12,51 måtte ho nøye seg med fjerdeplassen på 100 m hekk då Friidretts-VM 1999 fann stad i Sevilla.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney overraska Sjisjigina med å vinne 100 meter hekk. I ei tevling der favorittane ikkje presterte heilt opp mot sitt bestenivå, lukkast ho slå dei andre medaljevinnarane, nigerianske Glory Alozie med tre og USA-amerikanske Melissa Morrison med elleve hundredels sekund. Året etter kneip Sjisjigina bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i Edmonton på nøyaktig same tid som bulgarske Svetla Dimitrova, 12,58 sekundar, fire hundredels sekund bak sølvvinnar Gail Devers.

Doping endre

Etter det vart funne prov på anabole steroidar i ei dopingprøve i 1996, var Sjisjigina utestengd frå all idrett i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre