Olivenisfugl

fugleart
Olivenisfugl
Hofugl i Tortugero nasjonalpark, Costa Rica Foto: Becky Matsubara
Hofugl i Tortugero nasjonalpark, Costa Rica
Foto: Becky Matsubara
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av olivenisfugl
Utbreiinga av olivenisfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Underfamilie: Cerylinae
Slekt: Chloroceryle
Art: Olivenisfugl C. inda
Vitskapleg namn
Chloroceryle inda

Olivenisfugl (Chloroceryle inda) er ein fugl i isfuglfamilien som lever i neotropisk område frå Nicaragua til sørlege Brasil.

Skildring endre

Dette er ein mellomstor isfugl, ca. 24 centimeter i kroppslengd. Olivenisfugl syner noko kjønnsdimorfisme i både fjørdrakt og i storleik, hofuglar er litt større enn hannfuglar. Fjørdrakta har mørk grøn overside og djup oransje underside. Strupen er gulbrun og dei har ein oransje ring bak til nakken. Hovudet over halsringen er grønt. Hofuglen har eit brystband med fjører i grønt og kvitt. [1]

Utbreiingsområdet er tredelt. I nordvest langs Karibhavet frå Nicaragua over Panama og sørover langs stillehavskysten til nordvestlege Ecuador. Det største området er Amazonasbassenget og store delar av Venezuela. Eit tredje område er i aust, langs atlanterhavskysten frå Salvador sørover til Florianópolis i Brasil.

Habitatet er elvebreidder med god vegetasjon, skogkledde myrområde og mangrovar. Dei lever i høgder opp til 400 moh. Dette er ein fiskeetar som òg tar små krabbar, krepsdyr og vasslevande insekt. Dei sit på ei låg grein, speidar etter byttet, og stupdykkar rett ned i vatnet etter byttet.[2]

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 0,5 til 5 millionar kjønnsmodne individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  2. Woodall, P. F. (2020). Green-and-rufous Kingfisher (Chloroceryle inda), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.garkin1.01
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Chloroceryle inda. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. januar 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Olivenisfugl