Olly Alexander

britisk songar og skodespelar

Oliver Alexander Thornton (fødd 15. juli 1990 i Harrogate)[1], kjend profesjonelt som Olly Alexander, er ein engelsk songar og skodespelar. Han blei kjend i England som hovudvokalist i popbandet Years & Years, som toppa den britiske albumlista to gongar og hadde fleire singlar på topp 10 på den britiske singellista.[2] Som skodespelar fekk han mykje ros for rolla si som Ritchie Tozer i dramaserien It's a Sin (2021).

Olly Alexander

Fødd15. juli 1990 (34 år)
FødestadHarrogate
AliasOlly Alexander
OpphavStorbritannia
Aktiv2008–
Sjangerelektropop
Instrumentvokal
Stemmetypetenor
PlateselskapPolydor Records
Verka sommusikar, songar, komponist, skodespelar, låtskrivar, fjernsynsskodespelar

Thornton har vore nominert til Brit Awards seks gongar. Han har også blitt nominert til ein British Academy Television Award for beste skodespelar i tillegg til ein Critics' Choice Television Award i klassen for beste skodespelar i miniserie eller film laga for fjernsyn. Han representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige med songen «Dizzy».

Bakgrunn

endre

Oliver Alexander Thornton blei fødd 15. juli 1990 i Harrogate i North Yorkshire.[3][4][5] Mora hans, Vicki Thornton, var ein av grunnleggjarane av Coleford Music Festival.[6] Han gjekk på St John's Primary School i Coleford og Monmouth Comprehensive School.[7] Etter å ha fullført GCSE, studerte han utøvande kunst ved Hereford College of Arts.[8] Då han var 13 år, skilde foreldra hans seg, og han og broren Ben blei deretter berre oppseda av mora.

Då Thornthon var 16 år blei han knytt til ein agent då han var på audition for ei rolle i den britiske TV-serien ¨Skins. Han fortalde at han droppa ut av Hereford College of Arts for å fortsette skodespelarkarrieren sin ettersom han blei tilboden roller, og sa: «Eg byrja med skodespel då eg var ung; det skjedde liksom. Eg droppa ut av skulen for å jobbe rundt om i verda, noko som var fantastisk.»[9][10] «Eg ønskte verkeleg å bli songar eller musikar ... Plutseleg var eg ein skodespelar. Det var noko eg aldri hadde gått hardt inn for. Eg prøver framleis å finne ut av det. ... Eg hata verkeleg skulen fordi eg blei totalt mobba, men du blir aldri mobba i dramaklassen fordi dei rare barna gjer det bra i dramaklassen. Det var ein trygg plass.»[11][12][13] Alexander opplevde også bulimi som ungdom.[14]

Karriere

endre

Thornton fekk den fyrste fjernsynsrolla si i den britiske serien Summerhill i 2008. Året etter spela han i Jane Campion sin film Bright Star, og i 2010 spela han i Gullivers reiser. I 2012 fekk han ei rolle i Mike Newell sin versjon av Dickens-dramaet Store forventningar, og i 2014 spela han i Lone Scherfig sin film The Riot Club.

I 2010 skipa Thornton bandet Years & Years saman med venane Michael Goldsworthy og Emre Turkmen. I 2012 gav bandet ut debutsingelen «I Wish I Knew». I 2015 gav det ut debutalbumet Communion, som nådde fyrsteplassen på albumlista i Storbritannia og Irland.[15][16] I 2021 forlet Goldsworthy og Turkmen bandet, og Olly Alexander fortsette Years & Years som soloprosjekt.[17] Same året spela han i dramaserien It's a Sin, og blei kritikarrost for innsatsen sin i hovudrolla som Ritchie Tozer.[18]

Eurovision Song Contest

endre

Den 16. desember 2023, under finalen av Strictly Come Dancing, kunngjorde BBC og Alexander at han skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024.[19][20] Den 1. mars 2024 blei det britiske bidraget «Dizzy» gjeve ut og ein tilhøyrande musikkvideo lansert under spesialepisoden Graham Meets Olly, sendt på BBC One.[21]

Som eit av «dei fem store» landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024. I avrøystinga fekk Alexander 46 poeng og enda på 18. plass; samtlege av poenga kom frå jurygruppene.[22][23][24][25]

Kjelder

endre
  1. «Years & Years’ Olly Alexander Wishes Himself a Happy Birthday With a Lil Nas X Cover: Listen». Yahoo Sports (på engelsk). 15. juli 2022. Henta 24. desember 2023. 
  2. «Years & Years' Olly Alexander announced as UK Eurovision representative for 2024». Official Charts (på engelsk). 16. desember 2023. Henta 24. desember 2023. 
  3. «Hot kids on the block: Years & Years interview». Evening Standard (på engelsk). 30. januar 2015. Arkivert frå originalen 25. februar 2016. Henta 21 February 2016. 
  4. «the insider: olly alexander». NYLON. 4. september 2014. Arkivert frå originalen 25. februar 2016. Henta 21. februar 2016. 
  5. Sullivan, Caroline (5. mars 2015). «Years & Years: from Riot Club posh boys to No 1 stars». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 21. februar 2016. 
  6. «Good golly, Olly's off to Hollywood!». Gloucester Citizen. 4. juni 2009. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 11. juli 2015. 
  7. «Chart joy for Years and Years as Coleford singer Olly Alexander's group hits top spot». Gloucester Citizen. 9. mars 2015. Arkivert frå originalen 24. november 2015. Henta 11. august 2015. 
  8. «Hereford College of Arts – Olly Alexander from Years & Years». Hereford College of Arts. 23. desember 2014. Arkivert frå originalen 6. deptember 2015. Henta 10. august 2015. 
  9. Young Hollywood 2010 — Olly Alexander. 10. mai 2010. Arkivert frå originalen 1. mars 2014. Henta 27. oktober 2013 – via YouTube. 
  10. Morgan, Ruth (Februar 2015). «Singing in the shower got me the Job». redbulletin.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 10. august 2015. 
  11. Chang, Kee (26. august 2014). «Q&A with Olly Alexander». Anthemmagazine.com. Arkivert frå originalen 12. oktober 2018. Henta 10. august 2015. 
  12. Jones, Owen (26. januar 2016). 'My mental health is a positive part of me' — Owen Jones meets Olly Alexander. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 27. januar 2016 – via YouTube. 
  13. Jones, Owen (26. januar 2016). «Olly Alexander: 'You start to think you're alone and crazy but help is out there'». The Guardian. Henta 27. januar 2016. 
  14. «Olly Alexander on success, sanity and It's a Sin: 'All those hot guys. I loved it!'». The Guardian. 11. januar 2021. Arkivert frå originalen 9. juni 2024. Henta 27. januar 2021. 
  15. Cragg, Michael (7. august 2013). «Years & Years – Traps: New music». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 24. desember 2023. 
  16. «Glastonbury 2016 - Years & Years». BBC Music Events (på engelsk). Henta 24. desember 2023. 
  17. Reilly, Nick (18. mars 2021). «Years & Years to continue as "solo project" for Olly Alexander». NME (på engelsk). Henta 24. desember 2023. 
  18. Ryan, Gary (21. januar 2021). «Olly Alexander on ‘It’s A Sin’: ‘There’s not been a British Aids drama on this scale ever’». NME (på engelsk). Henta 24. desember 2023. 
  19. «Olly Alexander Will Represent The United Kingdom At Eurovision 2024». BBC. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023. 
  20. «It's Olly Alexander for the United Kingdom at Eurovision 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 16. desember 2023. Henta 24. desember 2023. 
  21. «Olly Alexander releases Eurovision 2024 entry Dizzy». www.bbc.co.uk (på engelsk). Henta 1. mars 2024. 
  22. Savage, Mark (11. mai 2024). «Eurovision 2024: Switzerland's Nemo wins as UK comes 18th». BBC (på engelsk). Henta 8 June 2024. 
  23. Rogers, Paul (12. mai 2024). «Olly Alexander finishes 18th at Eurovision Song Contest». Hereford Times (på engelsk). Henta 8. juni 2024. 
  24. Coyle, Hayley; Ingrall, Tom (12. mai 2024). «Olly Alexander's father 'surprised' public gave Eurovision singer zero points». BBC (på engelsk). Henta 8. juni 2024. 
  25. «Grand Final of Malmö 2024 - United Kingdom Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 8. juni 2024.