Omnparula

Status i verda: LC Livskraftig

Omnparula Foto: Klickr-brukar: Mike's Birds
Omnparula
Foto: Klickr-brukar: Mike's Birds
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Parulidae
Slekt: Seiurus
Art: S. aurocapilla
Namn på andre språk
  • Engelsk: Ovenbird
  • Vitskapleg namn
    Seiurus aurocapilla

    Omnparula (Seiurus aurocapilla) er ein liten sporvefugl i parulafamilien, Parulidae. Denne trekkfuglen hekkar i det sentrale og austlege Nord-Amerika og overvintrar i Mellom-Amerika, på mange karibiske øyar og i staten Florida.

    ██ Hekkeområde██ Overvintringsområde

    SkildringEndra

    Denne arten har storleik typisk for parulaer, 14-16,5 centimeter i lengd og vekt på 15,5-26 gram. Han har ein karakteristisk oransje midtstripe frå nebb til nakke, omkrinsa av smalare svarte striper. Elles er hovudet og heile oversida olivenbrun. Undersida er kvit med svarte strek i brystet og på flankane. Kjønna er like.

    Omnparulaer søker føde på bakken inne i skogshabitat. Her tar dei hovudsakleg insekt, men òg anna smådyr. Under trekket og i vinterkvarteret kan dei beite på vegetabilsk føde som bær og frø.[1]

    Hekkeutbreiinga er vid, frå sørlege Nordvestterritoria og nordaustre British Columbia over til Newfoundland. Sørover i USA berre aust for Rocky Mountains. Sørgrensa i sentrale USA er omtrent rett nord for statane Colorado og Kansas. I aust hekkar dei i nordlegaste Georgia og Sør-Carolina og nordover. Reiret har gjeve namn til arten, det er ein samansett, overbygd konstruksjon på bakken voven saman av gras, daude blad og mose. Brunhovudtrupial er ein vanleg reirparasitt.[1]

    Dette er ein sterk trekkfugl som vinterstid lever frå sørlege Mexico og sørover gjennom det meste av Mellom-Amerika. Dei overvintrar òg i Florida og i Karibia. Meir sporadisk trekker nokre fuglar over til nordaustlege Colombia og nordvestlege Venezuela.[1]

    Storleiken på populasjonen er ikkje estimert. Han var stabil gjennom dei siste 40 åra fram til år 2007. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

    Spontant i Noreg

    Eit individ av arten er registrert på Karmøya i oktober 2003.[3]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Curson, J. & Christie, D.A. (2019). Ovenbird (Seiurus aurocapilla) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. september 2019
    2. BirdLife International (2019) Species factsheet: Seiurus aurocapilla. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. september 2019
    3. Sjeldne fugler i Norge i 2003 - Rapport fra Norsk sjeldenhetskomité for fugl (NSKF) Ornis Norvegica 28: 4-50 2004. Henta 9. september 2019

    BakgrunnsstoffEndra

      Commons har multimedia som gjeld: Omnparula