Opera Mini er ein Java-nettlesar for mobiltelefonar. Opera Mini gjev brukaren tilgang til den store verdsveven, i motsetnad til vanlege mobiltelefon-nettlesarar som berre gjev tilgang til wap-nettet. Nettlesaren er tilgjengeleg for mobiltelefonar med lågt minne og telefonar med høgt minne.

Samfunnshuset i Nynorsk Wikipedia vist med Opera sin Small Screen Rendering-teknologi.

Opera Mini er gjeven ut på ei lang rekkje språk, mellom dei både nynorsk og bokmål.

I motsetnad til vanlege nettlesarar lastar Opera Mini nettsider via ein tenar hos Opera Software. I tenaren, som nyttar «Opera Small Screen Rendering», vert nettsida omforma til å passe storleiken på skjermen til ein mobiltelefon. Når informasjonen frå verdsveven visast på mobiltelefonen har han ofte vorte forminska med mellom 70 og 90%.

Opera Mini vart lansert i prøveversjon første gongen i Noreg av Opera Software saman med TV2, den 10. august 2005. 20. oktober same året vart ein betaversjon lansert til alle dei nordiske landa. Etter gradvise og avgrensa slepp i fleire europeiske land, vart nettlesaren endeleg sloppen i ferdig versjon den 24. januar 2006.

Grafisk framstilling av korleis Opera Mini virkar.
Frå høgre til venstre:
Nettstaden vert lasta opp til ein tenar, som komprimerer han og sender han vidare i lite format til mobiltelefonen.

Bakgrunnsstoff endre