Opna hovudmenyen
Out on the Tiles
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 4:07
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant, John Bonham
Produsent Jimmy Page

«Out on the Tiles» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Led Zeppelin III frå 1970. Tittelen på songen kjem av det britiske uttrykket for å gå ut på byn. Trommeslagar John Bonham snakka om å gå «out on the tiles», som tydde å gå til barar, og ofte song ei vise med uttrykket, som gjekk «I've had a pint of bitter and now I'm feeling better and I'm out on the tiles. We're going down the rubbers and we're going to pull some scrubbers because we're out on the tiles.» Gitarist Jimmy Page gjorde melodien om til eit riff og teksten til Bonham vart erstatta med noko som var litt meir tamt for det generelle publikum. Bonham og Page er oppført som låtskrivarar i lag med vokalist Robert Plant.

Songen var ein av dei mest aggressive innspelingane til bandet og avsluttar den «harde» førstesida til Led Zeppelin III, som er stilmessig annleis frå dei to første albuma til bandet med fleire akustiske arrangement som dominerer den andre sida av albumet.

Den romlege lydmiksen kom til av at mikrofonane vart plasserte på avstand i studio av Page.[1][2] Like etter 1:23 ut i songen kan ein høyre nokon sei «stop». Ein trur at det er Page som sa det, men det har aldri vorte stadfesta. Songen har ein unik rytme og forkorting, og ein trur at den som sa «stopp» som eit teikn til musikarane.

I Japan vart «Out on the Tiles» feilaktig gjeven ut som B-side til «Immigrant Song» i staden for «Hey Hey What Can I Do». Heile songen vart berre spela nokre få gonger i sin heilskap på konsertane til bandet, mellom anna 4. september 1970 i Los Angeles, som er bevart på piratkopialbumet Live On Blueberry Hill. Byrjinga av songen vart ofte nytta som introduksjon til «Black Dog», som ein kan høyre på How the West Was Won. Han vart òg nytta som introduksjon til trommesoloen til John Bonham «Over the Top» på turneen til bandet i 1977.[1]

Jimmy Page spela «Out on the Tiles» på turneen sin med The Black Crowes i 1999. Ein versjon av dette finst på albumet Live at the Greek.

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview, Modern Guitars, 25. mai 2007 (opphavleg juli 1977, i Guitar Player).