The Hearts Filthy Lesson

The Hearts Filthy Lesson
Singel av David Bowie
frå albumet Outside
B-side «I Am with Name»
Utgjeve September 1995
Innspelt Mountain Studios, Montreux, mars 1994
Sjanger Industriell rock
Lengd 3:32
Selskap RCA - 74321 307034
Produsent David Bowie, Brian Eno, David Richards
David Bowie-kronologi
«The Buddha of Suburbia»
(1993)
The Hearts Filthy Lesson «Strangers When We Meet»
(1995)


«The Hearts Filthy Lesson» er ein song av David Bowie frå albumet Outside frå 1995. Han vart gjeven ut som singel før albumet kom. Songen synte den nye, industrielle stilen til Bowie. At tittelen manglar ein apostrof er gjort med vilje. Teksten, som knyt singelen til resten av albumet, er ein sørgjesong for den «tyranniske futuristen» Ramona A. Stone, eit tema som går att i fleire songar. Songen er òg meint å konfrontere Bowie sitt eige syn på skapinga av rituale og forringinga av kunsten.

Den kritiske mottakinga av songen var generelt lunken, men han vart evaluert på ny av mange kritikarar då dei høyrde han i samanhengen med resten av Outside kort tid etter. Songen vert rekna for å ha ein utfordrande ikkje-kommersiell stil, men nådde likevel 35. plass i Storbritannia og 92. plass i USA.

Songen vart ein konsertfavoritt for Bowie og vart nytta under rulleteksten på slutten av David Fincher-filmen Seven frå 1995.

VideoEdit

Videoen var ein montasje av kunstnariske lemlestingar og blodige objets d'art og vart redigert før han vart vist på MTV. Videoen var regissert av Samuel Bayer, som var mannen bak den klassiske videoen til Nirvana «Smells Like Teen Spirit».

InnhaldEdit

  • Alle songar tilskriven Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell. Bortsett frå «Nothing to be Desired» skriven av Bowie/Eno.

7"-versjonenEdit

  1. «The Hearts Filthy Lesson» (Radio Edit)–3:32
  2. «I Am With Name»–4:06

CD-versjonenEdit

  1. «The Hearts Filthy Lesson» (Radio Edit)–3:32
  2. «I Am With Name»–4:06
  3. «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie Mix)–4:56
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Alt. Mix)–5:19

US CD-versjonEdit

  1. «The Hearts Filthy Lesson» (Album version)–4:57
  2. «The Hearts Filthy Lesson» (Simenon Mix)–5:01
  3. «The Hearts Filthy Lesson» (Alt. Mix)–5:19
  4. «Nothing to Be Desired»«»–2:15

US promo CD-versjonEdit

  1. «The Hearts Filthy Lesson» (Radio Edit)–3:32
  2. «The Hearts Filthy Lesson» (Simenon Mix)–5:01
  3. «The Hearts Filthy Lesson» (Alt. Mix)–5:19
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Album version)–4:57

UK 12"-versjonEdit

  1. «The Hearts Filthy Lesson» (Alt. Mix)–5:19
  2. «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie Mix)–4:56
  3. «The Hearts Filthy Lesson» (Rubber Mix)–7:41
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Simple Text Mix)–6:38
  5. «The Hearts Filthy Lesson» (Filthy Mix)–5:51

MedverkandeEdit

KonsertopptakEdit

  • Ein versjon spelt inn i 1997 på Phoenix Festival i England vart gjeven ut på konsetalbumet LiveAndWell.com i 2000.

Andre utgjevingarEdit

  • Han vart gjeven ut på den europeiske utgåva av singelen «Hallo Spaceboy».
  • «Rubber Mix» vart gjeven ut på den japanske utgåva av singelen «Hallo Spaceboy», den japanske utgåva av Outside - Version 2 og på bonusdisken til 2004-utgåva av Outside.
  • «Good Karma mix» vatr gjeven ut på ein avgrensa britisk versjon av singelen «Dead Man Walking» i april 1997.
  • Fleire remixar av songen vart gjeven ut på 2004-utgåva av Outside.
  • Songen vart nytta i fjernsynsserien House of Frankenstein i 1997.
  • I 1995 vart songen nytta under rulleteksten til filmen Se7en.

KjelderEdit