P.S. I Love You
P.S. I Love You Singel av The Beatles frå albumet Please Please Me | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. oktober 1962 | |
Innspelt | Abbey Road Studios 4. og 11. september 1962 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 2:06 | |
Selskap | Parlophone R4949 Tollie 9008 (USA) | |
Komponist | Paul McCartney, John Lennon | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | McCartney-Lennon | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Can't Buy Me Love» (1964) |
P.S. I Love You | «A Hard Day's Night» (1964)
|
«P.S. I Love You» er ein song av The Beatles som hovudsakleg er skrive av Paul McCartney[1], men kreditert McCartney-Lennon. Songen vart gjeve ut som B-side til «Love Me Do» den 5. oktober 1962, den første singelen deira nokon gong. Han vart òg gjeve ut på albumet Please Please Me i 1963.
Innspeling
endreUtgåva på singelen og albumet vart spelt inn på ti forsøk den 11. september 1962 ved Abbey Road Studios i London. Andy White spelte trommer på songen og gav songen ein cha-cha-cha-stil[2] og han har derfor ikkje det kraftige trommeslaget som kjenneteikna det meste av den tidlege musikken deira. Ringo Starr speler maracas.
As I write this letter, send my love to you,
Lennon/McCartney
|
George Martin var ikkje til stades på denne innspelinga som vart styrt av Ron Richards.
The Beatles (med Ringo Starr på trommer) og spelte denne songen på BBC den 25. oktober 1962 (Here We Go), 27. november 1962 (Talent Spot) og 17. juni 1963 (Pop Go the Beatles).
Inspirasjon
endreSongen vart skrive i 1961 då Paul McCartney var i Hamburg og ein meiner at songen vart skrive til hans dåverande kjæraste, Dot Rhone.[2] McCartney har derimot avkrefta dette.[3]
Med ein behageleg melodi kan versa og refrenget reknast som typisk McCartney og teksten vart populær hos kvinnelege tilhengjarar.[4] Den unge Lennon og McCartney nytta ofte det som kan høyrast ut som jazzakkordar i dei tidlege songane sine, som ein finn her med ein C#7 mellom akkordane G og D i opningsrefrenget.
Medverkande
endre- Paul McCartney — bass, solovokal
- John Lennon — akustisk gitar (elektrisk Gibson J-160E), solovokal
- George Harrison — sologitar (elektrisk Gibson J-160E)
- Andy White — trommer
- Ringo Starr — maracas
Salslister
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «P.S. I Love You (Beatles song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bill Harry The Ultimate Beatles Encyclopedia s.583
- ↑ 2,0 2,1 Ian MacDonald Revolution in the Head s.54
- ↑ Paul McCartney Many Years From Now s.37
- ↑ Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. s. 54.
- ↑ «Music: Top 100 - Billboard Hot 100», Billboard
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.