P1-regjeringa
P1-regjeringa er ei «folkeregjering» skipa sommaren 2005 for å utforme dei store linjene i norsk politikk for dei neste 100 åra. Regjeringa vart vald gjennom ei avstemming blant lyttarane i radiokanalen NRK P1. Ho er sett saman av 19 medlemer, eit frå kvart fylke. Målsettinga med samskipinga var formulert av NRK. Eit av punkta var at radio og Internett måtte bli ein møteplass for å samtale om kva vanlege folk er opptekne av.
Den 18. juni 2005 vart regjeringsmanifestet for Noreg dei neste 100 åra ferdig utforma på Sem Gjestegård i Asker. Dette klarte P1-regjeringa å få til på 48 timar. I samband med arbeidet som dei raud-grøne samarbeidspartia gjorde for å komme fram til Soria Moria-erklæringa hausten 2005, inviterte forhandlingsleiarane for samarbeidspartia P1-regjeringa til å komme med rettleiing i effektivt samarbeid den 29. september 2005. Mange av dei etablerte politikarane har stilt seg positiv til skipinga av folkeregjeringa.
Liste av medlemer
endreIngen av medlemene har vore engasjert i partipolitisk arbeid, noko som var eit vilkår for å verte nominert til regjeringa.
- Odd Oskarsen, Hammerfest
- Bjørn Ole Lundberg, Bardufoss
- Lillian Solrun Selvik, Steigen
- Irene Rosenblom, Sparbu
- Atle Vårvik, Trondheim
- Terri Senior, Ålesund
- Bente Øien Hauge, Lærdal
- Morten Holmefjord, Fusa
- Anne Raaum Christensen, Eigersund
- Alf Willy Vestergren, Mandal
- Sigurd Haugsgjerd, Setesdal
- Bergit Svendseid, Drangedal
- Wenche Yamamoto, Drammen
- Per Asbjørn Andvik, Re
- Jon Granrud, Moss
- Espen Stegger Ledaal, Oslo
- Jostein Sandvik, Drøbak
- Hans Christian Medlien, Næroset
- Kjærsti Gangsø, Vågå
Kjelder
endre- Regjeringsmanifestet Arkivert 2005-10-30 ved Wayback Machine. (pdf)