Ralph MacDonald
Ralph MacDonald (15. mars 1944–18. desember 2011) var ein amerikansk perkusjonist og låtskrivar. Han vart med i bandet til Harry Belafonte då han var 17 år gammal. Han skreiv «Where is the Love» i lag med William Salter for Roberta Flack og Donny Hathaway. Den truleg mest kjende songen hans er Grover Washington, Jr.- og Bill Withers-hitten «Just the Two of Us», som sidan har vorte spelt av mange andre artistar, som Will Smith.
Ralph MacDonald | |||
Fødd | 15. mars 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Harlem i New York | ||
Død | 18. desember 2011 (67 år) | ||
Dødsstad | Stamford i Connecticut | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz, jazz-fusion | ||
Instrument | Perkusjon | ||
Verka som | Komponist, arrangør |
MacDonald spelte saman med mange hundre artistar, som mellom andre George Benson, David Bowie, Aretha Franklin, Art Garfunkel, Billy Joel, Quincy Jones, Carole King, Miriam Makeba, David Sanborn, Paul Simon, Steely Dan, James Taylor, Luther Vandross, Amy Winehouse og Jimmy Buffett. MacDonald vart medlem av Buffett-bandet Coral Reefer Band seint i 1990-åra.
Diskografi
endreSom sidemann
endreLista er ikkje fullstendig Med Patti Austin
- End of a Rainbow (CTI, 1976)
- Havana Candy (CTI, 1977)
Med Ron Carter
- Blues Farm (CTI, 1973)
- Spanish Blue (CTI, 1974)
- Anything Goes (Kudu, 1975)
Med Paul Desmond
- Skylark (CTI, 1973)
Med Milt Jackson
- Sunflower (CTI, 1972)
Med Hubert Laws
- Morning Star (CTI, 1972)
- The Chicago Theme (CTI, 1974)
Med Arif Mardin
- Journey (Atlantic, 1974)
Med Bernard Purdie
- Soul Is... Pretty Purdie (Flying Dutchman, 1972)
Med Max Roach
- Lift Every Voice and Sing (Atlantic, 1971)
Med Don Sebesky
- Giant Box (CTI, 1973)
Med Shirley Scott
- Something (Atlantic, 1970)
Med Gábor Szabó
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ralph McDonald» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ralph MacDonald på Allmusic