Paula-Mae Weekes (fødd 23. desember 1958[1]) er ein trinidadisk jurist som var president i Trinidad og Tobago frå 19. mars 2018 til 20. mars 2023. Weekes etterfølgde Anthony Carmona og blei fyrste kvinne i presidentembetet. Ho var også den andre kvinnelege presidenten i Amerika av afrikansk avstamming etter Ertha Pascal-Trouillot.[2][3][4]

Paula-Mae Weekes

Fødd23. desember 1958 (65 år)
Port of Spain
Statsborgar avTrinidad og Tobago
Partipartilaus
Yrkejurist, politikar, advokat
Utdanna vedHugh Wooding Law School
University of the West Indies - Cave Hill Campus
Alle verv
  • Trinidad og Tobagos president (2018–2023) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Weekes blei fødd i Port of Spain. Etter vidaregåande skulegang ved Bishop Anstey High School i Port of Spain, byrja ho på jusstudium ved University of the West Indies på Cave Hill på Barbados. Ho har bachelorgrad i juss frå der og Legal Education Certificate frå Hugh Wooding Law School i St. Augustine i heimlandet. Ho blei advokat i 1982.[5]

I 2000 var Weekes fellow ved Commonwealth Judicial Education Institute i Halifax i Canada.[6]

Jurist- og dommarkarriere

endre

Weekes arbeidde for påtalemakta i elleve år. Frå 1993 var ho privatpraktiserande advokat.[5][7]

I 1996 blei Weekes utnemnd til dommar i High Court. Frå 2005 til 2016, då ho gjekk av med pensjon, var ho appellrettsdommar i høgsterett.[5]

I februar 2017 blei Weeks dommar på Turks- og Caicosøyane, der ho blei innsett som dommar i Turks and Caicos Islands Court of Appeal.[8]

Ved sida av arbeidet som dommar, har Weekes undervist. I åra 2011 til 2016 heldt ho kurs i etikk ved Hugh Wooding Law School.[7] Ho har også vore aktiv innan Organisasjonen for austkaribiske statar.[9]

Den anglikanske kyrkja

endre

Weekes har hatt ei leiarrolle i den anglikanske kyrkja, der ho i 20 år har vore kanslar for bispedømmet Trinidad og Tobago i Church in the Province of the West Indies.[10]

President

endre

Weekes blei nominert til presidentembetet av statsminister Keith Rowley.[11] Nominasjonen fekk støtte frå opposisjonen og det blei ikkje nominert andre kandidatar.[9] Weekes blei dimed erklært som valvinnar då valforsamlinga møttest.[12] Weekes blei fyrste kvinne vald til embetet som president i Trinidad og Tobago.[13]

Weekes blei innsett i presidentembetet 19. mars 2018.[14] Ho blei etterfølgd av Christine Kangaloo i mars 2023.[15]

Kjelder

endre
  1. «The President’s Profile», The Office of the President of Trinidad and Tobago. Lese 25. mars 2018.
  2. «Paula Mae Weekes, la nouvelle sensation du monde politique caraïbéen». Dofen News (på fransk). 18. juni 2018. Henta 11. mai 2021. 
  3. «Caribbean Elections – Learning Resources: Electoral Systems in the Caribbean». caribbeanelections.com. Arkivert frå originalen 16 March 2023. Henta 11. mai 2021. 
  4. «Paula Mae Weekes (1958- ) • BlackPast». BlackPast (på engelsk). 23. september 2018. Henta 1. april 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Paula Mae Weekes in a nutshell», Newsday, 6. januar 2018. Lese 23. januar 2018.
  6. «Fellows», Commonwealth Judicial Education Institute. Lese 23. januar 2018.
  7. 7,0 7,1 «What do we know about Paula-Mae Weekes?» Arkivert 18. november 2018 på Wayback Machine., CNC3, 5. januar 2018. Lese 21. januar 2018.
  8. «Ms.Paula-Mae Weekes appointed Court of Appeal judge in Turks and Caicos Islands», Turks and Caicos Sun, 27. februar 2017. Lese 23. januar 2018.
  9. 9,0 9,1 «T&T elects first female head of state», Jamaica Observer, 19. januar 2018. Lese 23. januar 2018.
  10. «From Chancellor to Commander-in-Chief» Arkivert 24. januar 2018 på Wayback Machine., Trinidad & Tobago Guardian, 19. januar 2018. Lese 23. januar 2018.
  11. «Paula for President - who is she?» Arkivert 24. januar 2018 på Wayback Machine., Sunday Express, 5. januar 2018. Lese 23. januar 2018.
  12. «It’s official: T&T elects first female President» Arkivert 24. januar 2018 på Wayback Machine., Loop, 19. januar 2018.
  13. «Trinidad and Tobago’s First Female President Elected» Arkivert 24. januar 2018 på Wayback Machine., Commonwealth Business Communications, 12. januar 2018. Lese 23. januar 2018.
  14. «History in the making as T&T's first female president sworn in» Arkivert 20. mars 2018 på Wayback Machine., Loop, 19. mars 2018. Lese 19. mars 2018.
  15. Jacob, Roger (21. mars 2023), «Photos of the Day: President Inauguration - Trinidad and Tobago Newsday», newsday.co.tt (på engelsk), henta 23. mars 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Paula-Mae Weekes