Opna hovudmenyen

Pauline Elaine Davis-Thompson (fødd 9. juli 1966) er ein bahamansk tidlegare friidrettsutøvar som i 2009 vart ho kåra til olympisk meister år 2000 på 200 meter, tidlegare hadde ho vunne VM-gull 1999 og OL-gull 2000 i 4 x 100 meter stafett med Bahamas.

Pauline Davis-Thompson
Statsborgarskap Bahamas
Fødd 9. juli 1966
Idrett friidrett
Yrke sprinter

AktivEndra

Pauline Davis deltok internasjonalt frå 1983. Fyrst i 1991 makta ho kvalifisere seg til ein stor meisterskapsfinale på ein av dei to kortaste sprintdistansane, ho enda då på sjuandeplass på 200 m i verdsmeisterskapen. Frå 1995 satsa ho òg på 400 m og lukkast vinne sølvmedaljen på distansen då VM 1995 fann stad i Göteborg. Under dei olympiske sommarleikane i Atlanta i 1996 var ho med på stafettlaget til Bahamas som vann sølvmedaljen i 4 x 100 meter stafett, dei andre på laget var Eldece Clarke, Chandra Sturrup og Sevatheda Fynes.

I verdsmeisterskapen 1999 sprang Davis-Thompson den tredje etappen då Debbie Ferguson på den fjerde sprang Bahamas inn til gull i 4 x 100 m stafett, framfor Frankrike og Jamaica. Førnemnde Fynes og Sturrup sprang dei to fyrste etappane for Bahamas.

Eitt år seinare vann den same kvartetten olympisk gull for Bahamas då dei vann den korte stafetten under Sommar-OL 2000, med Jamaica og USA på dei andre medaljeplassane. Tidlegare i sommarleikane i Sydney vart Davis-Thompson nummer to på 200 meter, einast USA-amerikanske Marion Jones sprang fortare. Fleire år seinare vedgjekk Jones bruk av dopingmidlar og 8. desember 2009 tilkjende Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) Davis-Thompson sigeren og gullmedaljen på 200 meter for Sommar-OL 2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m og 200 m
  • OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane på 100 m (11,70 =nr 14) og 200 m (23,02 =nr 12)
  • VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 200 m (22,89 =nr 9) og kvartfinalane på 100 m
  • OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 100 m (11,12 =nr 11) og 200 m (22,67 =nr 11)
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 7 på 200 m – 22,90 og utslått i semifinalane på 100 m (11,19 =nr 9)
  • OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane på 100 m (11,34 =nr 10) og 200 m (22,62 =nr 11)
  • VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 100 m (11,21 =nr 9) og 200 m (22,94 =nr 12)
  • VM 1995 i Göteborg: Sølv på 400 m – 49,96, nr 4 i 4 x 100 m stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Nr 4 på 400 m – 49,28, sølv i 4 x 100 m stafett
  • VM 1997 i Aten: Nr 7 på 400 m – 50,68, utslått i kvartfinalane på 200 m
  • VM 1999 i Sevilla: Gull i 4 x 100 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Gull på 200 m – 22,27, og 4 x 100 m stafett

KjelderEndra