Pave Eugenius III

Pave Eugenius III (d. 8. juli 1153 ), fødd som Bernardo da Pisa, var pave frå 1145 til 1153. Han var den første frå cisterciensarordenen i denne rolla.

Pave Eugenius III

Eugenius III
DåpsnamnBernardo da Pisa
FøddTruleg 12. hundreåret
Pisa
Død8. juli 1153
Tivoli i Italia
Innsett15. februar 1145
Saligkåra:28. september 1872
Festdag:8. juli (dødsdagen)
Føregangar:Lucius II
Etterfylgjar:Anastasius IV

Bakgrunn endre

Bernardo blei fødd i Pisa, men lite er kjend om bakgrunnen hans. Frå 1400-talet er han vanlegvis blitt identifisert som eit medlem av familien Paganelli di Montemagno, som tilhøyrde adelen i Pisa, men dette er ikkje bevist, og blir motsagt av andre vitnemål som tyder på at han var ein mann av meir beskjedent opphav.[1] Mellom 1133 og 1138 fungerte han som vicedominus av erkebispesetet i Pisa. Under påverknad frå Bernhard av Clairvaux gjekk han inn i cisterciensarordenen i klosteret i Clairvaux i 1138. Eit år seinare kom han tilbake til Italia som leiar for ordenen i Scandriglia. I 1140 gjorde pave Innocens II han til abbed av klosteret S. Anastasio alle Tre Fontane utanfor Roma. Kanskje på same tid blei han også opphøya til kardinalkollegiet,[2] sjølv om det er omstridd kor nøyaktige desse vitnemålene for kardinalsverdigheiten hans var.[3]

Pavetid endre

Bernardo blei vald til pave i februar 1145 og tok namnet Eugenius III. Utnemninga kom delvis av at ingen andre var særleg ivrige etter å innta ein posisjon med plikter som på den tida var vanskelege og farlege, men hovudsakleg av at han var ein ven og elev av Bernhard av Clairvaux, den mest innverknadsrike geistlege i vestkyrkja, og ein sterk tilhengjar av den verdslege autoriteten til paven. Valet hadde ikkje Bernhard si godkjenning. Tvert om var han uenig i valet på grunn av Eugenius si «uskuld og enkelheit»; men i ettertid drog han fordel av desse eigenskapane hjå den nye paven.

I bortimot heile pavetida hans var det ikkje mogleg for Eugenius III å bu i Roma. Han hadde knapt drett frå byen for å bli innvigd i klosteret Farfa, rundt 40 km nord for Roma, før borgarane under påverknad frå Arnold av Brescia (ein motstandar av den verdslege makta til paven) gjeninnførte den gamle romerske konstitusjonen, og valde Giordano Pierleoni som «patrisiar». I Tivoli i Italia appellerte Eugenius III om hjelp frå Roger II av Sicilia og frå italienske byar som låg i strid med Roma. Roger II sende generalen sin Robert av Selby. Med denne støtten lukkast han i å gjenerobra autoriteten i byen, men då han ikkje kunne gå med på ein forrædersk avtale mot Tivoli, blei han på nytt nøydd til å forlata byen i mars 1146. Han oppheldt seg ei tid i Viterbo og deretter i Siena, men drog til slutt til Frankrike.

Då han høyrde at grevskapet Edessa hadde falle for osmanarane, sende han i desember 1145 bullen Quantum praedecessores til kong Ludvig VII av Frankrike, og oppfordra han til å delta i endå eit krosstog. Ved ein stor riksdag som blei halden i Speyer i 1146, blei Konrad III av Det tysk-romerske riket og mange av adelsmennene hans overtalte til å gå i krosstog, hovudsakleg takka vera Bernard sin veltalenheit.

I 1146 skreiv paven eit brev til abbed Orm i Munkeliv kloster i Bergen som omtalar Herdla kyrkje.[4]

Han heldt kyrkjemøte i Nord-Europa, i Paris, Reims og Trier i 1147 og 1149, vigde reformering av prestelivet. Han betrakta og godkjende også verkea til Hildegard von Bingen. I 1149 drog Eugenius III tilbake til Italia og busette seg i Viterbo. Han flykta til prins Ptolemeus II av Tusculum sin festning i Tusculum den 8. april, der han møtte krossfararkongen Ludvig VII av Frankrike og kona hans Eleanora av Aquitaine på veg tilbake frå Det heilage landet. Ekteparet ba om skilsmisse, men han nekta å innvilga dette. Han blei verande i Tusculum fram til 7. november. I 1150, med hjelp frå kongen av Sicilia, var han igjen i stand til å dra til Roma, men usemja med republikanarane tvinga han til å trekkja seg tilbake.

Keisar Fredrik I Barbarossa hadde lova han hjelp mot dei opprørske undersåttane, men Eugenius III døydde i Tivoli den 8. juli 1153, og hjelpa frå keisaren kom derfor aldri. Sjølv om borgarane i Roma mislikte paven sin kamp for å auka den verdslege makta si, anerkjende dei han som sitt åndelege overhovud. Han blei gravlagd i Vatikanet med alle æresvisingar, og grava hans blei sidan kjend som stad der mirakuløs lækjing fann stad.

Kjelder endre

  1. Brixius, J. M.: Die Mitglieder des Kardinalkollegiums von 1130-1181, Berlin 1912, s. 86; Eugeno III Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine.
  2. Brixius, s. 41 no. 7
  3. Eugenio III Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine. antyder at sjølv om nokre samtidige kjelder betrakta han som kardinal er dette resultat av ei forvirring i klosteret S. Anastasio med kardinaltittelen titulus av S. Anastasia, og konkluderte med at han var ikkje var kardinal. Meiningane rundt kardinalvyrda til Bernardo har delt historikarane, sjå Zenker, B.: Die Mitglieder des Kardinalkollegiums von 1130 bis 1159, Würzburg 1964, s. 184-187 (Zenker sjølv hellar til å akseptera at Bernardo faktisk blei opphøgd til kardinal)
  4. Hans-Emil Lidén. Herdla kirke i Norges Kirker utgitt av NIKU og KA