Peder Rinde

norsk politikar

Peder Eilertsson Rinde (6. oktober 18449. november 1937) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, bankmann, stortingsrepresentant, ordførar og godseigar frå Sannidal i Telemark.

Peder Rinde

Fødd6. oktober 1844
Sannidal kommune
Død9. november 1937 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
BarnSigurd Rinde
Alle verv

Far hans var gardbrukar på Rinde og skipsreiar. Sjølv gjekk Peder Rinde fylkeslandbruksskulen og deretter på «tegneskole» i Skien. Frå 1873 var han styrar av «Sannikedal handelssamlag», skipsreiar og trelasthandlar. 1886 kjøpte han garden Kalstad i Skåtøy. Han budde på garden til han selde han i 1912.

Rinde var ordførar i heimkommunen Sannidal 1871-74 og 1879-82; seinare var han ordførar i den utskilde nabokommunen Skåtøy 1886-1902. Forlikskommissær.

Medlem av den kongelege kommisjonen av 1891 om utskriving til sjøvæpninga og omordning av jarnbaneadministrasjonen. Han var formann i sparebankane sitt landsforbund og direktør i Norges Hypotekbank 1899-1911.

Rinde var stortingsmann 1877-1900 for Bratsberg amt og 1906-1918 for Bamble valkrins. 1877-82 var han medlem av næringskomite nr 2, 1883-88 av budsjettkomiteen, 1888 av valkomiteen. Perioden 1889-91 var han sekretær i budsjettkomiteen og medlem av valkomiteen, samt 1889 av komiteen om forretningsordenen. Frå 1892 til -97 var han sekretær i Stortinget og formann i vegkomiteen, sistnemnde verv hadde han til 1900. Medlem av Lagtinget 1906-15 og av sosialkomiteen 1906-09, dei to siste sesjonane som nestformann. 1910-18 formann i gasje- og pensjonskomiteen, medlem av valkomiteen.

Rinde si politiske innstilling samsvara mykje med Søren Jaabæk si. Liksom Jaabæk tala han for bondedemokrati mot byrakråti, samt for offentleg sparsemd. Han arbeidde trottig for folkeopplysning, særleg gjennom sitt arbeid som redaktør av Nordmanden frå 1892 og i tolv år framover. Han skreiv og gav ut skrifter om både politiske og økonomiske spørsmål, til dømes om skattelova og skulelova av 1889. På Stortinget tok han ofte ordet, etter å ha sett seg grundig inn i sakene. For bøndene på tinget var han ein dei lytta til, som mange andre venstrerepresentantar. Rinde var aktiv i skyttarlagsrørsla, og ein dei fremste pådrivarane i gruppa bak Johan Sverdrup føre 1884. Sidan skulle han verte ein av dei sterkaste i opposisjonen mot statsministeren Sverdrup. Rinde høyrde til den radikale venstretradisjonen, gjekk inn for alminneleg røysterett for både menn og kvinner.

Rinde eigde Austrått frå 1908 til 1912, og har i den samanheng vorte kalla ein «spekulant».[1] Han budde aldri på Austrått.

Han døydde på Skåtøy i 1937.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar endre

  1. Håkon A. Andersen og Terje Bratberg. Austrått, herregård i tusen år. NKIM, 2006

Bakgrunnsstoff endre