Per Tore Woie
norsk politikar
Per Tore Woie (fødd 26. april 1969) er ein norsk politikar (Venstre) frå Arendal. Han er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo med mastergrad frå London School of Economics. Frå 1992 til 1994 var han leiar for Unge Venstre etter å ha sete i sentralstyret sidan 1990. Frå 1995 til 1997 arbeidde han som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. I sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000 var han Venstre sin statssekretær ved statsministerens kontor. I førre stortingsperiode jobba han igjen som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe.
Per Tore Woie | |||
Fødd | 26. april 1969 | ||
---|---|---|---|
Død | 19. november 2019 (50 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | London School of Economics | ||
Alle verv |
|
I 2009 utnemnde Unge Venstre Woie til æresmedlem.