Ei landform er eit naturleg trekk ved den faste overflatajorda[1] eller andre himmellekamar.[2] Landformer utgjer til saman eit terreng, og plasseringa deira i terrenget blir handsama innan topografi. Vitskapen om landformer og opphavet deira kallar eint geomorfologi.

Frå Grand Canyon i Arizona.

Ei landform er eit geografisk avgrensa område på jorda, med karakteristisk utforming, det kan vera eit høgt fjell eller ein djup dal. Ein skil mellom unge og gamle landsformer, ut ifrå kva tid dei er danna. Landformer kan kategoriserast på fleire måtar, til dømes etter prosessane som har danna dei eller etter geometri (formene deira).

Landformer omfattar fjell, høgsletter, åsar, klipper, daler, pass, basseng, sletter og ei lang rekke andre element. Innsjøar og elvar blir òg rekna som landformer. Det er då ikkje snakk om sjølve vatna, men landforma dei ligg i eller har skapt. For innsjø er termen «lakustrin landform» og for elv «fluvial landsform». Omgrepet «landform» blir òg brukt om trekk under vassoverflata, og kan då oppdagast ved batymetriske målingar.

Landformer i Noreg endre

 
Typisk ungt landskap: Geirangerfjorden.

Hovudtrekka for landformene i Noreg blei forma ved den kaledonske fjellkjedefoldinga, då det subkambriske peneplanet gjekk gjennom ei geologisk endring. Lokale landformer blei utforma då isen trekte seg tilbake etter den siste istida.

I Noreg finst det mange og varierande landsformer. Nokre av dei viktigaste er vidde, hei, ås, djupe dalar, skjergard, fjell osb. Vidder finn ein for det meste i Finnmark i nord, men også sentralt i Sør-Noreg og opp mot Røros og Trøndelag. Heier ser ein som oftast på Sørlandet og rundt Setesdalen, medan åsar er typisk austlandsk. På Vestlandet og i Nord-Noreg finn ein mykje alpine og glasiale fjellformer, men også avrunda fjellformer.

Dagens landformer i Noreg er utforma av forskjellige prosessar gjennom heile den geologiske historia. I nokre periodar har det vore oppbygging av landet, gjennom fjellkjedefoldingar, vulkanisme og landhevingar, medan det i andre periodar har vore nedtæring av landet, gjennom erosjon og forvitring. Gamle landformer er hovudsakleg utforma før tertiærtida (det vil seia for meir enn 65 millionar år sidan), medan unge landformer er danna frå tertiærtida til kvartærtida. Dei unge landformene er for det meste danna som følgje av forvitring og erosjon.

 
Finnmarksvidda er eit døme på eit gammalt landskap.

Viddelandskap, heiar, skjergardar og strandflatekyst er døme på gamle landformer, som altså stammar frå tidlege geologiske tider. Kjenneteiknet på desse landformene, og gamle landformer generelt, er rolege linjer og svært små høgdeforskjellar. Når ein går over gamle landformer, ser ein for det meste berre flat horisont, men ein kan finna nokre høgder i form av åsar eller fjell. Slike gamle landformer er bevarte på Finnmarksvidda, Hardangervidda, skog- og fjellviddene på Austlandet og på heiene og i skjergardane på Sørlandet. Svært tidleg i historia til jorda var landmassane samla i eitt stort kontinent. Området som seinare blei til Noreg var berre eit lite område inne på dette store kontinentet. Klimaet var varmt. I nokre periodar var det fuktig, medan i andre var det tørt. Etter lang tid blei dei typiske gamle landformene ein finn i Noreg i dag danna. Desse er kjenneteikna av mjukt, bølgjete landskap, med runde fjellformer og vide dalar.

Grønland og Den skandinaviske halvøya låg ein gang nær kvarandre. Men tidleg i tertiærtida, for om lag 55 millionar år sidan, byrja dei å gli frå kvarandre. Desse platerørslene fekk stor tyding for landformutviklinga i Noreg. Havet mellom dei to landområda blei større, og deretter heva heile den skandinaviske landblokka seg. Det stadig breiare havet utanfor vestkysten gjorde klimaet fuktigare, slik at det kom meir vatn i elvane, og på grunn av landhevinga fekk elvane større fall frå fjell til kyst. Med aukande vassfart auka òg krafta, og evna elva hadde til å riva laus og frakta med seg materiale. Elvane kunne no grava seg ned i dei vide dalane i det gamle landskapet. Denne prosessen blir kalla elveerosjon. Alpine landformer er eit døme på unge landsformer og finst på Sunnmøre og i Nord-Noreg (f.eks i Lyngsalpan i Troms, og i Lofoten).

Eit anna viktig moment som har vore med på å forma dei unge landformene i Noreg er isbreane. Når isbreen veks grev han seg ned i jordkorpa, og tar med seg steinar, grus og sand på vegen. Ein del av dette lausmaterialet frys fast på undersida av breen og gjer at breen sliper seg ned, sjølv i harde bergarter.

Strandflata er ein landskapstype som er karakteristisk for kystar som har vore nedisa. Den norske strandflata er hovudsakleg skapt i kvartærtida.

Isbreane forma det faste fjellet, men la òg frå seg lausmasser som skapte spesielle landskapsformer. Ved kanten til isbreen vil lausmateriale som breen har transportert hopa seg opp i store mengder, og ein får eit morenelandskap. Nord-Tyskland og Danmark har landskap der endemorenane er dominerande element. I Noreg pregar den store endemorenen kalla raet landskapet i enkelte område, der morenemassane er størst i omfang.

Med dei nye og unge landformene blei naturen mykje meir dramatisk, med store høgdeforskjellar, frå spisse fjell til djupe dalar, som v-dalar og elvegjel (òg kalla canyonar).

Dei unge landsformene har òg hatt store konsekvensar for busetjinga i Noreg. Det at det er blitt danna høge fjell har gjort at det er vanskelegare å anlegga vegar og jernbane enn det elles ville vore, og det har gjeve ei større utfordring å dyrka jorda. Ikkje berre blir jordsmonnet dårlegare, men temperaturen søkk òg oppe i fjella, noko som gjer dyrkinga ekstra vanskeleg. Dette har ført til at det ikkje er lett å busetja seg i område med mykje fjell. Dei store jordbruksområda i Noreg ligg derfor på Austlandet, i Trøndelag og på Jæren. Eit anna døme på unge landformer er alle fjordane langs vestkysten. Ein reknar med at kystlinja på Vestlandet var ganske jamn før istida. Fjordar er dalar laga av isbreen (ved breerosjon) som havet så har kome inn i. Fjordar finst med andre ord berre der det har vore isbrear. Dei store høgdeforskjellane i landet gjev vatnet større fall, og nokre stader oppstår fossar. Dette har gitt rikeleg tilgang på vasskraft, som igjen har lagt grunnlag for industri fleire stader på Vestlandet, og det har òg vore med på å påverka busetjingsmønsteret i Noreg.

Kjelder endre

  1. Society, National Geographic (8. august 2011). «landform» (på engelsk). Henta 22. november 2021. 
  2. «landform | Britannica» (på engelsk). Henta 20. november 2021. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Landform