Peter Christen Asbjørnsen

norsk skribent
(Omdirigert frå Peter Christian Asbjørnsen)

Peter Christen Asbjørnsen (15. januar 18125. januar 1885) var ein norsk forfattar, naturvitar, zoolog og folkeminnesamlar og utgjevar. Han gav ut Norske huldreeventyr og folkesagn i to band, og samarbeidde med Jørgen Moe om folkeeventyra. Dei arbeidde fram ein sams norsk eventyrstil som har fått mykje å seia for norsk prosastil i all ettertid. Det nære samarbeidet mellom dei to eventyrsamlarane og utgjevarane, har ført til at ein gjerne oppfattar dei som eit forfattarpar. Det er mest ikkje råd å nemna den eine utan å ta med den andre. Men arbeidet med segner/huldreeventyr var Asbjørnsen åleine om.

Peter Christen Asbjørnsen

Pseudonym Clemens Bonifacius
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 1812
Christiania
Død

6. januar 1885 (72 år)
Christiania

Yrke skribent, marinbiolog, barnebokforfattar, forstmann, eventyrsamlar
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Peter Christen Asbjørnsen på Commons

Asbjørnsen var fødd i Christiania, men vart teken ut av borgarskolen og send på eit privat artiumkursNorderhov for å konsentrera seg om skulefaga. Her gjekk òg Jørgen Moe, som mellom anna delte interessa hans for folkedikting. Dei to vart vener for livet.

Etter artium var Asbjørnsen huslærar på Romerike, og tok til å skriva opp segner og eventyr. I slutten av 1837 offentleggjorde han nokre av dei i Nor, en Billedbok for den norske ungdommen.

Same året byrja òg Asbjørnsen samarbeidet med Moe, og dei felles innsamlingane deira vart til Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr.

Asbjørnsen heldt fram med å gje ut forteljingar frå folketradisjonen til kort tid før han døydde. Det meste av det han skreiv høyrer likevel til andre område. Han var ein av dei første havforskarane, studerte forstvesen i Tyskland, var forstmeister og ei tid «Torvmeister». Han var ein litterær alt-mogleg-mann som skreiv folkeskrifter og populærvitskaplege artiklar, skildra ei reise til Egypt, laga ei kokebok og slost med Eilert Sundt om den rette måten å utnytta korn på, «grautstriden». Og allereie i 1861 skreiv han - som den første i Noreg - ein stor populær artikkel i budstikka om den nye utviklingslæra til Darwin.

Bibliografi endre

 
Asbjørnsen og Moes Norske folke og huldre-eventyr. Andre opplag frå 1896 (første opplag kom i 1879). Gyldendalske Boghandels Forlag, Kjøbenhavn.

Folkeminne og litterære utgjevingar endre

  • Nor, en Billedbog for den norske Ungdom. Carl August Guldberg og Adam Dzwonkowski. (Skilling-Magazin). Christiania 1838 (utgjeven: 1837). (Nye utgåver i 1843 og 1865).
  • Norske Folkeeventyr [I-II], samlede ved Asbjørnsen og Jørgen Moe. Johan Dahls Forlagsboghandel. Christiania 1842-43. (Ny utgåve 1993).
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Første Samling. Christiania 1845.
  • Hjemmet og Vandringen. En Aarbog for 1947. Christiania 1847.
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Anden Samling. Christiania 1848.
  • Juletræet for 1850. En Samling af norske Folke- og Børne-Eventyr, fortalte af P. Chr. Asbjørnsen. Med Illustrationer af Johan Eckersberg. A. Dzwonkovski. Christiania 1850. [Xylografier ved Kittendorff & Aagaard]. Grønt papiromslag.
  • Ydale. Et Vinterskrift. Christiania 1851.
  • Juletræet for 1851, norske Eventyr – Folke-Sagn, fortalte af P. Chr. Asbjørnsen. Med Illustrationer af Johan Eckersberg. A. Dzwonkovski. Christiania 1851. [Xylografier ved Kittendorff & Aagaard]. Rosa papiromslag.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folkeeventyr. Anden forøgede Udgave. Christiania 1852.
  • Jule-Træet for 1852. Nogle norske Folkesagn og Erindringer fra en Reise til Ægypten af P. Chr. Asbjørnsen. A. Dzwonkovski. Christiania 1852. [Xylografiet av Kairo mot sjøen på side 49 er signert Harald Nissen, truleg etter forlegg av akvarellmålar Hans Johan Frederik Berg.] Gult papiromslag.
  • En Nytaarsbog. Christiania 1854.
  • (sm.m. Johann Georg Theodor Gräße): Nord und Süd. Ein Märchen-Strauß. Druck und Verlag der Königl. Hofbuchdruckerei von C.C. Meinhold & Söhne. Dresden 1858. Omslag: Adolf Tidemand. Xylografisk gult papirbind av Wilhelm Werthmann, Dresden.
  • Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Første Samling. Anden forøgede Udgave. P.F. Steensballes Forlag. Christiania [Juni] 1859. Brun shirting med gullpressing på framside og rygg. På baksida blindtrykt ramme.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. Tredie Udgave. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1866 [dvs. 1865]. Fiolett shirting med gull på framside og rygg, pressa bord på framside og bak.
  • Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Anden Samling. Anden forøgede Udgave. P.F. Steensballes Forlag. Christiania 1866. Blå eller brun shirting med gullpressing på framside og rygg. På baksida blindtrykt ramme.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. Fjerde Udgave. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1868 (dvs. 1867). Omslag: Vincent Stoltenberg Lerche. Litografert papirbind.
  • Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. (Med Bidrag fra Jørgen Moes Reiser og Optegnelser.) I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania [Oktober] 1871. Typografisk rosa papirbind
  • (sm.m. Jørgen Moe): Norske Folke-Eventyr. [Femte Udgave]. I Kommission hos Jacob Dybwad. Christiania 1874 [dvs. desember 1873.] Omslag: Marcus Grønvold (1873). Litografert papirbind av Lith. Anst. v. Gebrüder Obpacher in München.
  • Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. (Med Bidrag fra Jørgen Moes Reiser og Optegnelser.) Anden Udgave. Gyldendalske Boghandel (F. Hegel.) Christiania 1876. Omslag: Marcus Grønvold (1874). Litografert papirbind av J: Reisinger ved Lith. Anst. v. Gebrüder Obpacher in München.
  • Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg. Gyldendalske Boghandels Forlag (F. Hegel & Søn). Kjøbenhavn 1879. Omslag: Shirting med platetrykk i gull, samt svart og raudt klisjetrykk på framside og gullpressing på rygg. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn I. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1882. Omslag: Albert Hartvig. Shirting med platetrykk i gull svart klisjétrykk på framside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn II. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1884. Omslag: Albert Hartvig. Sjirting med platetrykk i gull svart klisjétrykk på framside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.
  • (sm.m. Jørgen Moe): Eventyrbog for Børn III. Gyldendalske Boghandels Forlag – F. Hegel & Søn. Kjøbenhavn [December] 1887. Omslag: Albert Hartvig. Sjirting med platetrykk i gull svart klisjétrykk på framside og gullpressing på rygg. Gravert av Chr. Danielsen. Blindtrykk på bakdekkel.

Vitskaplege skrifter endre

  • Naturhistorie for Ungdommen, 6 bind 1838-1849
  • Om Ulve- og Rævefangst, 1840
  • Kortfattet Naturlære til Brug for Almuen og ved Undervisning i Skolerne, 1841
  • Naturhistorie for Børn, 1842
  • Om Skovene og om et ordnet Skovbrug i Norge, 1855
  • Om Myrdyrkning, 1856
  • Fødemidlernes Opbevaring i Land og By, for Skibsproviantering og Reisebrug, 1860
  • (Clemens Bonifacius - pseudonym): Fornuftigt Madstel. En tidsmæssig Koge- og Husholdningsbog. P.F. Steensballe. Christiania 1864. (Ny utgåve 1865, finst òg omsett til dansk og svensk).
  • Norsk Landmandsbog for 1868
  • Torv og Torvdrift, 1868
  • Norsk Landmandsbog for 1869
  • Norsk Landmandsbog for 1870
 
Grava til Asbjørnsen på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Litteratur om Asbjørnsen endre

  • Bolo (pseud.): «Da eventyrene kom. 100 års-jubileet for det litterære verk som kanskje har betydd mest for norsk kultur». Aftenposten 24. februar 1940.
  • Braadland, Jan Faye: «Echoes of the Brother Grimm from Thule – A Short Introduction to Andreas Faye (1802-1869) and his “Norske Sagn” (1833)». Hartmut Kugler et al. (eds): Jahrbuch der Brüder Grimm-Gesellschaft. Band V. Kassel 1995.
  • Bø, Olav: 50 kroner. Peter Christen Asbjørnsen. Norges Banks Seddeltrykkeri. Oslo 1996.
  • Dons, Carl: «P. Chr. Asbjørnsen» (s. 27-41). Det kongelige norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger Bd. XIX. Trondheim 1946.
  • Edvardsen, Erik Henning: Gammelt nytt i våre tidligste ukeblader. Aktstykker om folketro og sagn i Illustreret Nyhedsblad og Norsk Folkeblad ved Peter Christen Asbjørnsen, Paul Botten-Hansen, Johannes Flood og Henrik Ibsen. Norsk Folkeminnelags skrifter 143. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1997. ISBN 82-03-17965-7.
  • Edvardsen, Erik Henning: Kvitebjørn kong Valemon 2. Gerhard August Schneider - den illustrerte eventyrutgaven som aldri utkom. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 157 / H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 2007. ISBN 978-82-03-19197-5.
  • Gjefsen, Truls: Peter Christen Asbjørnsen – diger og folkesæl. Andresen & Butenschøn. Oslo 2001.
  • Haffner, H.J.: Asbjørnsen og Moe’s norske folkeeventyr. En bibliografisk undersøkelse. Småskrifter for bokvenner nr. 16. N.W. Damm & Søn. Oslo 1942.
  • Hansen, Hans: P. Chr. Asbjørnsen. Biografi og karakteristikk. Med supplerende oplysninger om hans samtidige. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1932.
  • Krogvig, Anders: Fra det nationale gjennembruds tid. Breve fra Jørgen Moe til P. Chr. Asbjørnsen og andre. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Kristiania 1915.
  • Johnsen, Nils Jørgen: Døler og Troll. Fra norsk illustrasjonskunsts historie. Foreningen for norsk bokkunst. Oslo 1935.
  • Liestøl, Knut: P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. Johan Grundt Tanum. Oslo 1947.
  • Lindboe, Rudolf: «Jomfru Andersson på Gressæter gård» (s. 9-71). Sør i Aker. Søndre Aker Historielags årbok 1997. Oslo 1997.
  • Müller, Harald: Stimme und Feder – mündliche Tradition norwegischer Volksmärchen und ihre Verschriftlichung durch Asbjørnsen und Moe. [Dr. avhandling]. Bochum 1997.
  • Popp, Daniel: Asbjørnsen’s Linguistic Reform I. A Study of the Individual Writer’s Role in Written Developments. Orthography. Oslo 1977.
  • Ribsskog, Øyvin: Eventyrkongen og Romerike. Et tilskott til granskinga av P. Chr. Asbjørnsen og samtida hans. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 95. Universitetsforlaget. Oslo 1966.
  • [Sinding]-Larsen, Alfred: Peter Christen Asbjørnsen. En literær-biografisk Skitse. Med Tillæg af en bibliografisk Oversigt ved J.B. Halvorsen. Christian Johnsens Bogtrykkeri. Christiania 1872.
  • Sundland, Egil: Det var en gang … et menneske. Tolkninger av Asbjørnsen og Moes undereventyr som allegorier på menneskelig innsikt og erkjennelse. LNUs skriftserie nr. 87. Oslo 1995.
  • [Wulfsberg, Niels]: «Oldsager. Folkesagn». Morgenbladet. En daglig Avis af alle Slags Indhold. No. 288. Fredag 15de Octobr. 1819. Første Aargang. Christiania 1819.
  • Østberg, Henning: «Etterord» (s. 1-40). Norske Folkeeventyr samlede ved Asbjørnsen og Jørgen Moe. Damms antikvariat. Oslo 1993.
  • Øverland, Ole Andreas: Hvorledes P. Chr. Asbjørnsen begyndte som sagnfortæller. Det norske Aktieforlag. Kristiania 1902.

Bakgrunnsstoff endre