Opna hovudmenyen

Peter Lax

ungarsk matematikar

Peter David Lax (fødd 1. mai 1926 i Budapest i Ungarn) er ein amerikansk matematikar, som har forska innan teoretiske matematiske emne og spesielt differensiallikningar, væskedynamikk og annan fysisk dynamikk. Han fekk Abelprisen i 2005 for arbeidet sitt med «teorien for partielle differensiallikningar, til bruk av slike likningar og til å berekne løysingane for slike likningar».

Peter Lax
Peter Lax.jpg
Fødd1. mai 1926
Budapest
NasjonalitetUngarn, USA
Områdepartiell differensialligning
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarNew York University
Alma materStuyvesant High School
Courant Institute of Mathematical Sciences
DoktorgradsrettleiarKurt O. Friedrichs
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Det Norske Videnskaps-Akademi
American Mathematical Society
National Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences

Han vert rekna som den mest allsidige matematikaren i sin generasjon.[1] Lax tok doktorgraden ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved New York University i 1949, der han sjølv seinare var direktør frå 1972 til 1980. Ved Los Alamos Scientific Lab. deltok han på Manhattan-prosjektet i 1945 og 1946 og reiste attende til New York University i 1951, der han var professor frå 1958. Lax vert rekna som ein av dei største matematikarane i vår tid innan rein matematikk og bruksmatematikk.

Eit Lax-par er eit sett av tidfesta matriser som skildrar visse løysingar for differensiallikningar, og nyttast mykje i fysikken. Vidare blir Lax–Milgram-teoremet brukt til å nytte konsepta frå lineær algebra ved løysing av problem innan mellom anna partielle differensiallikningar.

Innan norsk oljeindustri og petroleumsutvikling har Lax-teoriane vore uhyre viktige for utviklinga av praktiske, matematiske modellar for olje- og gassreservoar. Teoriane hans blir brukt ved reservoar-simulering av oljefelta i Norskehavet, for å vurdere restproduksjon og utnyttingsgraden til oljeproduksjonen.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Peter D. Lax. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Peter_D._Lax