Opna hovudmenyen

Peter Ustinov el. Peter Alexander von Ustinov (16. april 192128. mars 2004) var ein britisk forfattar, skodespelar, instruktør og debattant. Hans familiære bakgrunn var blanda, far hans var såleis tysk statsborgar og mor hans russisk. I kraft av faren sitt arbeid innanfor det tyske diplomatiet, som nyheitskorrespondent og under andre verdskrigen som etterretningsoffiser for den britiske sikkerheitstenesta MI5, reiste familien mykje rundt. Dette er truleg ein av grunnane til at Peter Ustinov talte så mange språk, såleis engelsk, fransk, spansk, tysk, italiensk og russisk og i mindre grad tyrkisk og gresk.

Peter Ustinov
Sir Peter Ustinov Allan Warren.jpg
Fødd 16. april 1921
London Borough of Camden
Død

28. mars 2004
Genolier

Yrke skodespelar, filmregissør, skribent, programleiar, manusforfattar, skodespelforfattar, filmprodusent, sjølvbiograf, komikar, fjernsynsskodespelar
Far Jona von Ustinov
Mor Nadia Benois
Ektefelle Isolde Denham, Suzanne Cloutier, Hélène du Lau d'Allemans
Born Igor Ustinov, Pavla Ustinov, Andrea Ustinov, Tamara Ustinov
Peter Ustinov på Commons

I karrieren som filmskodespelar er han mest kjend for å ha medverka i romar-filmane Quo Vadis? og Spartacus, og dessutan for å ha spela Hercule Poirot i eit par filmar, først og fremst i Døden på Nilen.

Ustinov mottok to gonger ein Oscar for beste mannlege birolle. Først for rolla i Spartacus og sidan for rolla i Topkapi.

Attåt karrieren som skodespelar skreiv Ustinov også romanar og teaterstykke, og han var ein ivrig samfunnsdebattant. Peter Ustinov var såleis president for World Federalist Movement - som går inn for ei verdsregjering - frå 1991 og fram til sin død.

Utvalde filmarEndra

KjeldeEndra

Dansk wikipedia.