Petra Fleischer
Petra Amalie Margrethe Fleischer (28. juni 1881–8. mai 1963) var ein norsk forfattar, omsetjar, misjonær og fråhaldskvinne.[1]
Petra Fleischer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juni 1881 Skedsmo kommune |
Død |
8. mai 1963 (81 år) |
Yrke | misjonær, skribent, omsetjar |
Politisk parti | Kristeleg Folkeparti |
Ektefelle | Andreas Fleischer |
Bakgrunn
endrePetra Fleischer var fødd i Skedsmo. Ho var dotter av sokneprest og prost John Svendsen Ulsaker og Marthe Marie Amble, og syster av komponisten Sven Ulsaker.[2] Ho kom tre år gammal til Vikedal i Ryfylke då faren i 1884 vart utnemnd til Vikedal sokneprestembete, og voks opp der. Frå 1893 var ho elev ved Fr. Rings jenteskule i Stavanger.
Virke
endrei perioden 1899-1901 arbeidde ho halvanna år som guvernante. Ho lærte sjukepleie i Bergen i 1901-1902, og var i 1905 elev på Fødselsstiftelsen. Ho oppheldt seg i London i 1906, og reiste til Kina i 1907.[3]
Ho vart gift i i 1908 i Kina med teologen, misjonæren, sakprosaforfattaren og biskopen Andreas Fleischer (1878-1957) av slekta Fleischer, bror av general Carl Gustav Fleischer (1883–1942).
Som vaksen vart ho lidenskapeleg oppteken av misjonen, og ho engasjerte seg aktivt i kristeleg og sosialt arbeid, blant anna i den internasjonale fråhaldsrørsla Det Kvite Band. Fleischer stod som nummer fem på Den første lista til Kristeleg Folkeparti til stortingsval i Bergen, i 1926.
Ho skreiv ei rekkje bøker og småskrifter, og var ein periode redaktør for det kristelege tidsskriftet For heim og samfund. I 1945 gav ho ut ei bok om den islandske filantropen Ólafía Jóhannesdóttir. Akkurat som Ólafía engasjerte bispinne Fleischer seg for dei svakaste i samfunnet, og gjorde ein iherdig innsats for fengselsfuglar, heimlause og prostituerte i Bergen.[4]
Bibliografi
endre- 1920: Slik har vi det, det Norske missionsselskab
- 1921: Fortællinger for barn, Luthersk bokmission
- 1925: Ved hjemmets arne
- 1934: Hvad sier ditt liv?
- 1935: Hjemmet – en helligdom og et ansvar, Norsk søndagsskoleforbunds skriftserie, nr. 3
- 1936: Den fjerde bønn
- 1945: Islenderinnen Olafia Johannsdóttir
Kjelder
endre- ↑ Dagen (Bergen) 1963.05.10. 1963.
- ↑ Folketelling 1891 for 1157 Vikedal herred: Tellingskrets: 006 Tellingskrets 6: Hallingstad: Bosted land: 019 Hallingstad
- ↑ Olden, O.F. (1910). Atlas over norske missioner. I hovedkommission hos Lutherstiftelsen. s. 13.
- ↑ Sandefjords Blad 1963.05.31. 1963. s. 5.
- Denne artikkelen bygger på «Petra Fleischer» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 67-68. ISBN 8257900109.
- Kristelig folkepartis kvinner 1947-1972. Kristelig folkeparti's kvinner. 1972. s. 126-127.