Petter Anker Stordalen (fødd 29. november 1962 i Porsgrunn) er ein norsk hotelleigar, eigedomsutviklar og investor. Stordalen har eitt års utdanning frå Norsk Kjøpmannsinstitutt, eitt år på Varehandelens høyskole og eitt år på Norges Markedsføringshøyskole.

Petter Stordalen
Petter Stordalen 2009-03-11 001.jpg
Fødd 29. november 1962 (57 år)
Porsgrunn
Yrke Kunstsamlar, forretningsdrivande
Petter Stordalen på Commons

Han kontrollerer hundre prosent av hotellkjeden Choice Hotels Scandinavia, som omfattar 160 hotell i Norden og Baltikum, under merkenamna Comfort, Clarion, Clarion Collection, Quality og Quality Resort. Han er også kjend som som tidlegare deleigar i Steen & Strøm og andre kjøpesenter, som sporadisk miljøaktivist og for forsøket sitt på å overta papirfabrikken Union i Skien i august 2005.

Stordalen fungerte som viseadministrerande direktør i kjøpesenterselskapet Steen & Strøm i perioden 1991–1995 og som administrerende direktør i perioden 1995–1996. Stordalen var styreleiar i Choice Hotels Scandinavia frå 1996 til 1999, konsernsjef frå 1999 til 2006, og igjen [[styreleiar frå 2006.

I april 2006 vart det kjent at Stordalen og Øystein Stray Spetalen vurderte å kjøpe heile eller delar av den engelske fotballklubben Liverpool FC.

Stordalen er mellom dei rikaste personane i Noreg, og vart i 2008 lista med ein formue på 9,3 milliardar kroner av Kapital.[1] Han er son av tidlegare noregsmeister i bryting, Knut Anker Stordalen.

MiljøfokusEndra

Stordalen har erklært seg som miljøinvestor. Han har også vist stor interesse for å stoppe dumpinga av slam utanfor Malmøykalven. Sommaren 2007 trassa han og politikar Rune Gerhardsen eit ikkje tilgang-skilt, og gjekk i protest om bord i lekteren der dumpinga skjedde. Dette vart dei seinare politimelde for.

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra