Phocoena

pattedyrslekt

Phocoena er ei biologisk slekt av fire små tannkvalar i nisefamilien, Phocoenidae.

Phocoena
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Nisefamilien Phocoenidae
Slekt: Phocoena
Cuvier, 1816

Phocoena-artane blir maksimalt 1,5 til 2,30 meter lange. I motsetning til dei nærskylde delfinane har dei eit avrunda hovud, butt snute utan koniske tenner, men har i staden nåle- eller spadeforma tenner. Ryggsida deira er vanlegvis grå til mørkegrå, hos svartnise også svart, og hos brillenise blåsvart, medan buksida er lys eller hvitaktig. Overgangen mellom desse fargane kan vere uskarp eller tydeleg avgrensa som hos svartnisa og brillenisa.

Phocoena-artane skil seg frå indianise (Neophocaena phocaenoides) mellom anna ved at dei har ein ryggfinne, som ofte varierer i form innanfor same art og kan vere trekanta, sigdforma eller stor og avrunda. I motsetning til stillehavsnise (Phocoenoides dalli) har Phocoena-artane, med unntak av gamle hannindivid av svartnise, ikkje ein forhøgd halefinne.

Bilete Vitskapleg namn Norsk namn[1] Utbreiing
Phocoena dioptrica Brillenise sirkumpolar i kjølige sub-antarktiske og låge antarktiske farvatn
Phocoena phocoena Nise kjøligare kystvatn i Nord-Atlanteren, Nord-Stillehavet og Svartehavet
Phocoena sinus Kalifornianise det nordlege området av California-gulfen, eller Cortezhavet
Phocoena spinipinnis Svartnise kysten av Sør-Amerika
Utbreiing

Kjelder

endre
  1. Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1985. s. 44-45. ISBN 8252519059. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Phocoena