Svartnise
Svartnise (Phocoena spinipinnis) og kjent som burmeisternise,[1] er ein ein liten tannkval i nisefamilien med leveområde langs kysten av Sør-Amerika. Ho vart først skildra i 1865 av Hermann Burmeister, som arten er oppkalla etter.
Svartnise | |
Teikning Hannah Moss | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av svartnise | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Nisefamilien Phocoenidae |
Slekt: | Phocoena |
Art: | Svartnise P. spinipinnis |
Vitskapleg namn | |
Phocoena spinipinnis |
Skildring
endreDei fleste fotografi av svartniser er tatt av døde eksemplar og viser dyra som svarte. Dette fenomenet gav opphav til det vanlege namnet «svartnise». Levande individ er likevel vanlegvis mørkegrå i fargen, men blir svarte berre få minutt etter døden. Buksida varierer i farge, men er som regel lysare grå. Svartniser blir cirka 150 cm lange når dei er fullvaksne og veg 50–75 kg. Den maksimale registrerte vekta er på 105 kg for eit hodyr. Dei har ei grunn fordjuping ved blåseholet, som er plassert rett framfor auga. Ryggfinnen har ei uvanleg form og plassering for ein kval, han er trekanta snarare enn buet og peikar meir bakover enn oppover. Den er plassert omtrent tre firedelar av vegen langs ryggen, lenger bak enn hos nokon annan delfin eller nise.[2]
Populasjon og utbreiing
endreSjølv om svartnisa ser ut til å vere relativt vanleg innanfor sitt utbreiingsområde, er det gjort lite arbeid for å kartleggje arten. Den totale populasjonen er anslått til minst titusen. Utbreiingsområdet ser ut til å vere kontinuerleg i kystfarvatn frå Nord-Peru i Stillehavet, rundt Tierra del Fuego og opp til Sør-Brasil i Atlanterhavet. Svartniser finst ofte i kystnære bukter, kanalar og fjordar, men individ er også observerte så langt som 50 km frå land. Sjølv om dei normalt finst i grunne farvatn over kontinentalsokkelen, er dei også registrerte der havdjupna er 1000 meter.[3]
Adferd
endreDet finst få gode observasjonar av svartnisa. Ho verkar sky, viser berre ein liten del av kroppen når ho kjem til overflata og rører seg raskt bort frå båtar som nærmar seg. Dei blir vanlegvis sett åleine eller i par, men kan av og til danne større grupper. Svartnisa lever av ulike pelagiske fiskar som ansjos (Engraulis og Anchovia), lysing (Merluccius), og artar i makrellfamilien, med ansjos-artar som hovudføde blant niser undersøkte i Peru.[4]
Vern
endreSom alle niser er svartnisa sårbar for utilsikta fangst i fiskegarn. Dette skjer ofte i Uruguay, Peru og Chile. Det årlege estimatet på antal fanga individ er størst i Peru, med cirka 2000. I peruanske farvatn blir svartniser fanga som bifangst primært utnytta til menneskeføde. Fram til slutten av 1990-talet vart svartniser også fangsta med vilje for mat og som krabbemating.
Under kraftige El Niño-hendingar blir økosystemet i Perustraumen sterkt påverka. Ansjosar anten døyr eller forlèt området, noko som ser ut til å tvinge mange marine pattedyr, inkludert svartnisa, til å finne andre matressursar eller svelte. Under El Niño-hendinga i 1997 vart svartniser funne stranda på peruanske strender.
Verdas naturvernunion, IUCN, listar arten som "Nær trua" (NT) på raudlista over trua artar.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Burmeister's porpoise» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2024
- ↑ Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1985. s. 44-45. ISBN 8252519059.
- ↑ Perrin, W.F. and Würsig, B. and Thewissen, J.G.M. (2009). Encyclopedia of Marine Mammals. Academic Press. s. 163-166. ISBN 9780080919935.
- ↑ 3,0 3,1 Félix, F.; Alfaro, J.; Reyes, J.; Mangel, J.; Dellabianca, N.; Heinrich, S.; Crespo, E. (2018). «Phocoena spinipinnis». IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T17029A50370481. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T17029A50370481.en. Henta 27. desember 2024.
- ↑ García-Godos, I and Van Waerebeek, K and Reyes, JC and Alfaro-Shigueto, J and Arias-Schreiber, M (2007). «Prey occurrence in the stomach contents of four small cetacean species in Peru». Latin American Journal of Aquatic Mammals: 171––183.
Bakgrunnsstoff
endre- Santillán, Luis (2022). «Observations of Burmeister's Porpoise (Phocoena spinipinnis) in the Northern Coast of Peru» (PDF). Aquatic Mammals (Aquatic Mammals) 48: 266––272. doi:10.1578/AM.48.3.2022.266.
- (en) Burmeister's porpoise – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Burmeister's porpoise i Encyclopedia of Life
- (en) Burmeister's porpoise i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Burmeister's porpoise hos Fossilworks
- (en) Burmeister's porpoise hos ITIS
- (en) Burmeister's porpoise hos NCBI
- (en) Kategori:Phocoena spinipinnis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Phocoena spinipinnis – detaljert informasjon på Wikispecies