Pimpirevbreen (Pimpirev Lednik) er ein isbre på Livingston Island som flyt søraustover mot Pimpirev Beach. Han ligg vest for Perunikabreen, sør for Tundzhabreen og isskiljet mellom Drakesundet og Bransfieldsundet og aust for Kamchiyabreen. Breen strekkjer seg 5,5 km søraust-nordvest og 1,8 km frå nordvest til søraust. Isbreen går stort sett mot kysten, men fleire stader flyt han inn i South Bay aust-nordaust for Ereby Point.

Pimpirevbreen
isbre
Pimpirevbreen frå Bulgarian Beach, with Emona Anchorage i framgrunnen.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°36′25″S 60°25′00″W / 62.60694°S 60.41667°W / -62.60694; -60.41667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Pimpirevbreen
62°36′25″S 60°25′00″W / 62.6069°S 60.4167°W / -62.6069; -60.4167
Pimpirevbreen is located in Antarktis
Pimpirevbreen (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Han er kalla opp etter Christo Pimpirev, geolog i den første bulgarsk antarktisekspedisjonen i 1987/88 og leiar for seinare nasjonale ekspedisjonar i Antarktis. Det opphavlege namnet, Pimpirev Ice Wall, vart gjeve den 29. oktober 1996 til den over 50 meter høge isveggen som går parallelent og stundom opp til 100 meter inn for kysten av South Bay nordaust for Ereby Point. Namnet vart endra i november 2005.

Kjelder endre